EPALE lanserast nå på norsk

Article tema
EPALE lanserast nå på norsk

EPALE er EU-kommisjonens plattform for alle som jobbar med vaksne si læring. Vi håper at den norske språkversjonen kan bidra til å skape ein levande plattform med mange engasjerte brukarar.

Electronic Platform for Adult Learning in Europe (EPALE) er EU-kommisjonens satsing for å samle fagmiljøa for vaksne si læring i Europa. Målet med EPALE er å auke samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av landegrensene, styrke fagmiljøa, og bidra til innovasjon og gode løysningar for livslang læring i Europa. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er nasjonal koordinator for EPALE Noreg. 

EPALE har vore tilgjengeleg på dei offisielle EU-språka sidan oppstarten. Nå er fleire språkversjonar lanserte, og vi er glade for å presentere EPALE i norsk språkdrakt!

Møt europeiske kollegaer

PÅ EPALE kan du møte andre som jobbar innanfor ditt fagområde i Europa gjennom å delta på webinar og konferansar, eller melde deg inn i praksisfellesskap for ditt fagområde. Du kan også delta i fagdebattar om tema, eller ta direkte kontakt med andre brukarare.  

Kunnskapsdeling og kompetanseutvikling

På EPALE kan du skape merksemd for ditt arbeid og din organisasjon i Noreg, Norden og Europa. Du kan publisere nyheitssaker og blogg-innlegg, dele læringsressursar og annonsere arrangement. I tillegg kan du følgje med på utviklinga innan politikkutforming og forsking på feltet vaksne si læring i Europa.

Du kan også finne MOOCs, opne digitale læringsressursar, og andre kjelder til di eiga kompetanseutvikling på EPALE.

Få inspirasjon til prosjekt

Ulike tilskotsprogram, slik som EØS-ordninga, NordPlus og Erasmus+, gjer det mogleg for sektoren å søkje om midlar til mobilitetssamarbeid og prosjektsamarbeid i Norden og Europa. På EPALE kan du lese om prosjekt, finne informasjon om tilskotsprogram, og dele dine eigne prosjektresultat. Du kan også søkje etter partnarar på EPALE.

EPALE Noreg

Vi i EPALE Noreg inviterer alle som jobbar med vaksne si læring til å engasjere seg, enten det er gjennom publisering på plattformen, deltaking på konferansar, eller ganske enkelt ved å lese innhald som er relevant for ditt arbeid.

For meir om EPALE, sjå Facebook, LinkedIn og Twitter.

Bilde
EPALE lanseres på norsk i uke 34