– Eg vil teikne karriererettleiingshimmelen større

Article tema
– Eg vil teikne karriererettleiingshimmelen større

Kirsten Marie Dalene har nyleg fullført doktorgraden om Life-design rettleiing (career construction counseling). Ho håper forskinga kan inspirere karriererettleiarar, men og påverke aktørar på systemnivå. – Eg siktar både høgt og lavt for kven forskinga kan vere nyttig for, seier Dalene.

For drygt ein månad sidan disputerte Kirsten Marie Dalene med avhandlinga Meningsskapende karriereveiledning. Karriereveilederes forståelser og erfaringer med Life-design veiledning i norsk kontekst.

Ho har forska på korleis karriererettleiarar forstår Life-design metoden  og kva erfaringar dei gjer seg når dei blir opplærte i metoden og prøver han ut med eigne vegsøkarar.

– Life-design er ein konstruktivistisk karriererettleiingsmetode som spring ut frå den amerikanske professoren Mark Savickas si karrierekonstruksjonsteori. Ein legg vekt på historiene til menneske, meiningsskaping og livet som heilheit, seier Dalene, som påpeiker at metoden skal bidra til at vegsøkaren opplever samanheng og finn engasjementet sitt ut frå si eiga historie.

I korte trekk skjer rettleiingsprosessen over to til tre samtaler. I første samtale stiller rettleiar fem spesifikke spørsmål som er formulerte for å få fram ulike mikrohistorier frå vegsøkarens liv.  Spørsmåla er litt annleis enn «vanlege» karriererettleiingsspørsmål, og dei omhandlar blant anna kva rollemodellar ein hadde som barn, TV-seriar vegsøkar ser på, og dessutan dei tidlegaste minna til vegsøkar.

Før andre samtale, ser karriererettleiaren på dei mange mikrohistoriene og finn ein raud tråd i samband med karriereutfordringa til vegsøkaren. Mikrohistoriene setjast saman til ein makrohistorie.

Samtale to startar så med at karriererettleiaren forteljar makrohistoria, eller livsportrettet, til vegsøkar. Deretter omarbeider dei livsportrettet saman, slik at det gjer meining for vegsøkar og opnar opp for nye perspektiv. Livsportrettet er utgangspunktet for planen vegsøkar legg for vegen vidare.

– Gjennom dialog med rettleiar blir vegsøkar fortruleg med historia si som no kling litt annleis, seier Dalene.

Ho fortel at hensikta er å hjelpe vegsøkaren til å ikkje berre sjå sjølve «treet», men også «røtene», slik Savickas, mannen bak metoden, beskriv.

– Det handlar ikkje berre om det overflatiske, men og om å få tak i det underliggande: kva som driv meg her i verda, og slik kunne gjere gode val knytt til utdanning og arbeid.

Oppdaga metoden i USA

Dalene avslører at metoden, som dannar grunnlaget for oppgåva, ikkje var med då ho først skreiv prosjektskissa for doktorgraden tilbake i 2016. Metoden vart ho kjent med på eit seminar i USA. Det var spørsmåla, som var så annleis enn dei «typiske» spørsmåla i ein rettleiingssamtale, som vekte ei interesse hos forskaren.

– Dette er ein amerikansk karriererettleiingsmetode som har typiske amerikanske preg, derfor er det ikkje sjølvsagt at vi kan nytta metoden i Noreg utan å tilpasse han, seier Dalene, som spurde seg sjølv om karriererettleiarar i Noreg kunne få interesse for ein metode som så tydeleg spring ut frå yrkespsykologi.

Samtidig vart ho fascinert av metoden sin effektivitet.

– Eg tenkte at her kan det vere noko som vi berre enda ikkje har skjønt potensialet av i norsk samanheng, og at metoden før eller seinare vil snike seg inn på ein eller annan måte.

Det var då ho bestemte seg for å forske på korleis karriererettleiarar i Noreg kan forstå og erfare metoden.

Testa Life-design metoden med karriererettleiarar

– Studien min handlar først og fremst om karriererettleiarar, med vekt på bevisstgjeringa av korleis karriererettleiar forstår si eiga rolle, og kva kompetanse karriererettleiaren kjenner at han eller ho treng for å vere i stand til å møte menneske i ulike samtaler, fortel Dalene.

Oppgåva har ein teoretisk og ein empirisk del. I den teoretiske delen set ho metoden inn i ein norsk kontekst. I den empiriske delen har ho gjennomført eit aksjonsforskingsprosjekt med seksten karriererettleiarar frå ungdomsskolar, vidaregåande skolar, karrieresenter, tiltaksbedrifter, Nav og privat sektor. Karriererettleiarane har testa Life-design metoden på kvarandre og deretter med vegsøkarar på eigen arbeidsplass.

Ifølgje Dalene opplevde rettleiarane at vegsøkarane synest metoden var givande og at det hjelpte dei videre i karriererettleiinga.

– Karriererettleiarane som deltok i prosjektet ga tilbakemelding om at ein raskt kjem rett inn i kjernen hos folk ved å stille spørsmåla frå Life-design metoden, og for mange er det relevant til det ein lurar på om jobb og utdanning.

Ho fortel at det skjer noko når teoretisk opplæring og praktisk kunnskap kombinerast, og rettleiarane får eit refleksjonsfellesskap med likesinna.

– I refleksjonsfellesskapet kan dei sparre om opplevingar, utfordringar og moglegheiter, seier Dalene og fortel at erfaringa gjorde noko med tankegangen til deltakarane. Dei som var skeptiske i starten, vart seinare positive til metoden.

– Eg knyter det til erfaringskunnskapen som desse karriererettleiarane får først i det dei kan prøve ut metoden og kan diskutere han med andre karriererettleiarar. Denne erfaringa får ein ikkje med ein to timars førelesing om metoden.

Ønsker seg meir fokus på kjensler

Avhandlinga tar og for seg overordna tema som kva karriererettleiing kan vere og kva karriererettleiingsrolla kan innebere.

Dalene fortel at ho ønsker å teikne karriererettleiingshimmelen større.

– Eg ønsker å få fram ei breiare forståing av kva karriererettleiing kan vere. Ikkje som den einaste sanninga om kva karriererettleiing er, men kanskje som ein av fleire, som eit supplement.

Ho ønsker seg og meir fokus på personleg, sosial og emosjonell kompetanse hos karriererettleiarar.

– Dette er viktige kompetanseområde, ikkje minst i vår tid med Covid-pandemi over fleire år som har gjort mykje med menneske og ikkje minst ungdommar. Karriererettleiarar må vere i stand til å normalisere uvissa eller det utrygge. Då handlar det fort om kjensler, før ein kjem til det meir handfaste som neste skritt med arbeid og utdanning.

Vart inspirert av karriererettleiar

For Dalene starta vegen til karriererettleiingsfeltet allereie som student på 2000-tallet. Ho hadde grunnfag i musikk, kristendom og psykologi – tre forskjellige fag som ikkje straks lyste opp den vidare yrkes- og utdanningsvegen. Derfor besøkte ho ein karriererettleiar.

– Eg drog til ein privat karriererettleiar som kosta flesk. Den gongen fantes det ikkje noko anna som eg kunne tru det var ein kvalitet i.

Gjennom rettleiinga fann ho vegen vidare, med hovudfag i psykologi. Dei andre faga kunne vere hobbyar. Men møtet med karriererettleiaren vekka og ei anna spire:

– Då eg kom tilbake frå karriererettleiaren, ei veninne minte meg på det, då var eg heilt gira og sa «sånn vil eg og bli, det der vil eg jobbe med». Eg hugsar det ikkje sjølv, men veit at karriererettleiing alltid har vore der. Dette fagområdet er så interessant.

Dalene har jobba for Nav med jobbsøkarar, i ei tiltaksbedrift og som karriererettleiar for Karrieresenter Telemark, før ho kom til Universitetet i Søraust-Noreg (USN) i 2016, då med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Her starta ho som høgskolelektor.

– Eg er veldig glad i ein-til-ein samtalar, og i å støtte menneske i deira refleksjonar og tankar, men så er eg og glad i å ha medverking på kva faget karriererettleiing kan innehalde eller kva retning det kan utvikle seg i, fortel Dalene.

Får eit kick av å skrive

Det tok ikkje meir enn ein månad før ho søkte seg vidare på ein stipendiatstilling i karriererettleiing.

– Eg har aldri tenkt at eg skulle ta nokon doktorgrad, det stod for meg som noko ekstremt tørt, kjedeleg og langtekkeleg. Eg har sett på meg sjølv som ein praktikar, men da eg starta hos USN merka eg at det ligg nokre akademiske gen ein stad. Når eg blir tvinga til å skrive, kan eg få litt kick av det.

Arbeidet med doktorgraden har vore langdryg, men ho fortel at det og har opna nye sider i henne.

– Det å få kna kunnskap saman med praktikarane som står i det, og å få vere med på diskusjonane og refleksjonane deira undervegs i læringsprosessen, det er kjempespennande.

Fortset på USN

Dalene har ikkje noko problem med å finne ut av kva ho skal bruke tida si på no. Ho har gått rett over i ein førsteamanuensisstilling og vil fortsetje å jobbe for USN, mellom anna som programkoordinator for Master i karriererettleiing.

– Her ser eg meg: på USN, med undervisning på mastergrad og vidareutdanningar. Eg trivst veldig godt med studentar, kollegaer og fagmiljøet.

Her kan du lese avhandlinga Meningsskapende karriereveiledning. Karriereveilederes forståelser og erfaringer med Life-design veiledning i norsk kontekst.

Bilde
Portrett av Kirsten Marie Dalene som er aktuell med doktorgrad
Bildetekst
Kirsten Marie Dalene er aktuell med doktorgrad i karriererettleiing. – Da eg starta hos USN merka eg at det ligg nokre akademiske gen ein stad. Når eg blir tvinga til å skrive, kan eg få litt kick av det, seier ho. Foto: privat

Life-design rettleiing (career construction counseling):

  • er ein konstruktivistisk karriererettleiingsmetode utvikla av Mark Savickas.
  • Rettleiinga går over to eller tre samtaler med vekt på livshistoria til vegsøkar.
    • I første samtale blir det nytta eit halvstrukturert intervju med fem spørsmål som rammeverk. Spørsmåla har til hensikt å få fram eigenskapane og sjølvbildet til vegsøkar, interesser og ønskte arbeidsomgivnader, ønskt «manus» for eige liv, og dessutan engasjementet til vegsøkar og nye perspektiv på eigen situasjon.
    • I andre samtale set rettleiaren dei små historiene til vegsøkar saman til eit utgangspunkt for vegsøkar sitt livsportrett i lys av deira karriereutfordring. Deretter arbeider vegsøkar og karriererettleiaren vidare med livsportrettet til det gir meining for vegsøkar og opnar opp for nye perspektiv på eigen situasjon.
    • I andre eller tredje samtale brukast livsportrettet til vegsøkar for å legge ein plan for vidare handling.

Kirsten Marie Dalene:

  • Aktuell med avhandlinga «Meningsskapende karriereveiledning. Karriereveilederes forståelser og erfaringer med Life-design veiledning i norsk kontekst».
  • Førsteamanuensis/Programkoordinator for master i karriereveiledning ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN)