E-rettleiingstenesta lansert

Article tema
E-rettleiingstenesta lansert

På karriererettleiing.no kan vegsøkarar ringe eller chatte med karriererettleiarar heilt anonymt.  

Den nye, landsdekkande e-rettleiingstenesta skal gi alle som treng det tilgang til offentleg, kvalitetssikra og gratis rettleiing på nett. 

- Digital karriererettleiing senkar terskelen og aukar moglegheitene for at fleire oppsøker rettleiing og får hjelp. Ein kan oppsøke rettleiing når det passer. Ikkje alle har eit fysisk karrieresenter i nærleiken. Denne tenesta skal supplere tilboda som finst frå før og med det gi eit fullverdig tilbod til heile landet, seier direktør Sveinung Skule i Kompetanse Noreg.

Det er Kompetanse Noreg som lanserer tenesta på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

-Når arbeidslivet endrar seg raskt, må kvar og ein av oss vere i stand til å ta kloke val om utdanning, kompetanseutvikling og skifte av jobb eller stilling fleire gonger i løpet av livet. Karriererettleiing blir derfor viktig for stadig fleire av oss, seier Skule. 

Mange med behov for å endre karriereveg 

Permitteringar og oppseiingar som følge av koronatiltaka, har gjort at fleire i dag står i valsituasjonar når det gjeld jobb og utdanning. Karriererettleiing kan hjelpe menneske som treng støtte i desse vala, og kan bidra til at overgangane mellom ulike jobbar og kompetansehevande aktivitetar blir lettare. 

– Å omstille seg, skifte kurs og tenkje nytt har blitt særleg relevant den siste tida. Korona har ført til at mange no må sjå seg om etter andre jobbar. Det kan vere krevjande. Det er derfor tenester som karriererettleiing.no er så viktige. Det er behov for at folk får hjelp til å endre karriereveg eller få kompetansepåfyll. Derfor har vi framskunda lanseringa av nettstaden, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. 

 

Bilde
Henrik Aasheim og Sveinung Skule
Bildetekst
Forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og direktør i Kompetanse Noreg, Sveinung Skule. Foto: Bjørnar Verpeide

Om karriererettleiing.no

  • Karriererettleiing.no er eit gratis tilbod til alle som treng rettleiing om utdanning eller jobb – uansett kor du bur. Her kan du ringe eller chatte anonymt med ein profesjonell karriererettleiar, og finne tips, informasjon og verktøy.
     
  • Karriererettleiing.no skal hjelpe ungdom og vaksne til å ta gode og velinformerte val om utdanning, opplæring og arbeid.
     
  • Tenesta blir utvikla og drifta frå Kompetanse Noregs avdeling i Tromsø. Ti profesjonelle rettleiarar er tilsett for å betene telefon og chat. I løpet av hausten vil tenesta også bli bemanna med rettleiarar tilknytt dei offentlege karrieresentera i Vestland, Trøndelag og Innlandet.