Det nye direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innanfor høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk.
Oppdraget
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) skal bidra til å styrke kvaliteten i utdanning og opplæring, auke tilgangen og løfte kompetansen i befolkninga og arbeidslivet. Direktoratet jobbar for å gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Direktoratet skal også fremme internasjonalisering og digitalisering i utdanning, og sjå til at god informasjon og rettleiing til dei som skal velgje utdanning og karriere er tilgjengeleg.
– Vi i HK-dir skal framleis ha det nasjonale systemansvaret for karriererettleiing, og ein del av denne oppgåva er enno å sørgje for god informasjon og rettleiing til heile befolkninga og utvikle kvaliteten i karriererettleiingstenestene. Vi ser fram til å fortsette dette arbeidet i samarbeid med feltet, innanfor ei ny og større verksemd, seier Ingjerd E. Gaarder, avdelingsdirektør i HK-dir.
Les meir om det nye direktoratet på nettsidene.