Din karrierelæring er eit av fleire verktøy utvikla som ein del av Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing til bruk i kvalitetsarbeidet.Verktøyet er laga med utgangspunkt i delen om karrierekompetanse.
Verktøyet kan brukast som førebuing, til å få inspirasjon og idear til å jobbe med karrierelæring, og som eit utgangspunkt for eigen eller felles fagleg refleksjon. Innhaldet i verktøyet er meint som eksempel og det er mange måtar og metodar for å jobbe med karrierelæring. Innhald og aktivitetar må alltid tilpassast eiga målgruppe og dei rammevilkåra du jobbar innanfor.
Innholdet er sortert etter dei fem områda for utforsking og læring, Karriereknappane, ogbestår av tre delar:
- Samtalestartarane, som gir rettleiarar eksempel på ulike måtar å setje i gang refleksjon, utforsking og læring hos dei du rettleiar eller underviser, og kan brukast i alle fasane av rettleiing, både i individuelle samtaler, i grupperettleiing eller i andre læringssituasjonar.
- Karrierelæringsaktivitetar, som gir eksempel på og idear til aktivitetar som kan bidra til karrierelæring. Gjennom verktøyet kan rettleiarar finne aktivitetar som passar for ulike deltakarar, planlegge korleis dei vil gjennomføre aktivitetar og få tips til tilpassing og kor dei kan lese meir.
- Kollegarefleksjon, som omfattar ulike spørsmål og case som kan brukast aleine eller saman med kollegaer, som eit utgangspunkt for fagleg refleksjon for eksempel knytt til eiga rolle og det å jobbe med karrierelæring.
Fagleg råd bidrar til kvalitetssikring
Din karrierelæring er utvikla av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Innhaldet i verktøyet er innhenta og lagt til rette av eigne arbeidsgrupper og alt innhald er kvalitetssikra av eit Fagleg råd beståande av praktikarar frå ulike sektorar.
– I Fagleg råd har vi hatt oppdraget med å samle innspel og sortere ulike karrierelæringsaktivitetar, rettleiingsspørsmål og kollegarettleiingsspørsmål innanfor knappane som er å finne i Karrierelæring i kontekst-modellen, seier leiar er av Fagleg råd Ingunn Carling, prosjektleiar fag- og produktutviklar iFront karriere.
Ho utdjupar: – Gjennom arbeidet har vi blitt bevisst på korleis eit spørsmål og ein aktivitet kan høyre til fleire knappar samtidig. Dette har vore nyttig, men også til tider irriterande. Handlar situasjonen om val og tilfeldigheitar eller motstand og tilpassing? Kanskje begge delar? Det er her den spennande diskusjonen, oss praktikarar imellom, har oppstått. Saman har vi kome fram til at det som avgjer relevansen til knappen er kva perspektiv du som rettleiar belyser temaet ut i frå. Vi opplever at inndelinga, kategoriseringa og innfallsvinklane som dette nye verktøyet gjev, skapar eit filter for refleksjon og justering, som igjen gjev ei målretta rettleiing i møtet med vegsøker. Vi har med andre ord fått fleire knappar å spille på!
Bidra til verktøyet
Har du tilbakemeldingar eller endringsforslag, ein favorittaktivitet eller eit godt eksempel som du kan tenke deg å dele med fleire, så kan du sende forslaget ditt til redaksjonen: redaktor.kik@hkdir.no.