Bli med inn i rettleiingsrommet

Article tema
Bli med inn i rettleiingsrommet

Kva kompetansar brukar karriererettleiarar i møte med vegsøkjarar? HK-dir har utvikla filmressursen «Veiledningsrommet». Her møter vi åtte vegsøkjarar i ulike livsfasar, og får høve til å bli med dei inn i rettleiinga. 

Føremålet med ressursen er å gi karriererettleiarar høve til å reflektere rundt det som skjer i rettleiinga, utforske kompetansestandardane for karriererettleiing og diskutere kva kompetansar karriererettleiarar brukar i møte med vegsøkjarar. 

– Gode karriererettleiingstilbod avheng av at karriererettleiarane har høg kompetanse i tråd med kompetansestandardane, seier avdelingsleiar i HK-dir, Ingjerd Espolin Gaarder. 

– Kompetanse opparbeider ein både gjennom formell utdanning, arbeidserfaring og profesjonsfellesskap med andre rettleiarar. Ressursen skal hjelpe praktikarar til å utvikle kompetansen sin på arbeidsplassen, saman med kollegaer og åleine, seier ho.

Bli med inn i «Veiledningsrommet»

Bli kjent med åtte vegsøkjarar

I filmressursen blir vi kjende med åtte vegsøkjarar i ulike livsfasar: tre skuleelevar, to studentar og tre vaksne. Vegsøkjarane blir spelte av skodespelarar som har fått tildelt eit manus. Manusa er utvikla av HK-dir i samarbeid med karriererettleiarar frå ulike karriererettleiingstenester, og baserer seg på erfaringane deira. Alle karriererettleiarane vi møter i serien, er karriererettleiarar som til vanleg jobbar ved offentlege karrieresenter, skular, i Nav eller i universitets- og høgskulesektoren.

Seniorrådgivar i HK-dir, Marianne Almbakk, har leidd arbeidet med å utvikle filmressursen. Ressursen er ein del av det faglege innhaldet i Kvalitetslaboratoriet.

– Rettleiingsrommet er vorte til gjennom eit fagleg samarbeid mellom direktoratet og flinke fagfolk ute i praksisfeltet, seier ho. 

– Vi har fått tilbakemeldingar om at mange opplever filmane som realistiske, og at dei tek tak i viktige kompetanseområde, og vi håpar dei blir til god nytte ute i karriererettleiingstenestene.

Filmressursen består av ein filmserie og ein refleksjonsdel. 

Ein filmserie i tre delar

Filmserien er delt i tre episodar. I første episode møter vi vegsøkjaren, som fortel om tankane og utfordringane sine. I andre episode er vi med inn i karriererettleiinga. Denne episoden er delt inn i rettleiingsaugneblink, og viser ikkje ein heil rettleiingssamtale, men nokre sentrale augneblinkar frå samtalen. I tredje episode er vi med når tre karriererettleiarar reflekterer rundt kva kompetansar dei tok i bruk i rettleiinga.

Refleksjonsdelen 

Refleksjonsdelen består av to hovuddelar. I den første refleksjonsdelen er målet å utforske kompetansestandardane for karriererettleiing, og reflektere rundt kva kunnskapar, ferdigheiter eller generell kompetanse som karriererettleiaren tek i bruk i rettleiinga. 

I rettleiinga med elevar er kompetansestandardane for karriererettleiaren i skulen utgangspunktet for utforskinga. I rettleiinga med studentar og vaksne er dei tverrsektorielle kompetansestandardane utgangspunktet.

I den andre refleksjonsdelen er målet å reflektere rundt spørsmål som er tematisk inndelte. Dette er spørsmål som er breiare, og som gir moglegheit for vidare refleksjon rundt spenningar og dilemma som oppstår i rettleiinga.

Ingen fasit

Almbakk presiserer at rettleiingane ikkje er meinte som ein fasit for kva som er god rettleiing. Rettleiingssituasjonane er døme på korleis karriererettleiarar brukar kompetansen sin, og dei skal tene som eit utgangspunkt for refleksjon knytt til kompetansestandardane. 

– Det har vore lærerikt og spennande å utvikle ressursen, og vi er spente på korleis feltet vil ta han imot, seier Almbakk.

Ho fortel at utviklinga vil halde fram i 2025.

– Vi skal lage fleire filmar, og er på jakt etter nye karriererettleiarar som kan delta. Meir informasjon om dette kjem.

Bilde
de av et rom med lyskastere

Kvalitetslaboratoriet

Kvalitetslaboratoriet er eit digitalt rom for alle som vil setje kvalitet i karriererettleiinga i fokus, og bruke Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing i praksis. Laboratoriet inneheld ressursar som skal gjere det faglege innhaldet i kvalitetsrammeverket meir tilgjengeleg og konkret.

Kompetansestandarder for karriereveiledning

Kompetansestandardane i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing er tverrsektorielle, og består av sju kompetanseområde med tilhøyrande kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har HK-dir òg utvikla tilpassa kompetansestandardar for karriererettleiing i skulen, som byggjer på dei tverrsektorielle standardane. Kompetansestandardane er ein fagleg standard, og ikkje formelle krav til kompetanse.