Behov for fagarbeidarar og helsepersonell

Article tema
Behov for fagarbeidarar og helsepersonell

Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut at fram mot 2050 kan det bli større behov enn det marknaden klarer å dekkje, for fagarbeidarar innanfor industri, bygg og anlegg og handverk, i tillegg til helsepersonell.  

Det inneber at det truleg vil bli mangel på fagfolk innanfor desse bransjane viss utrekningane til SSB slår til. Av helsepersonell er det særleg helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som blir nemnde. 

Behovet for lærarar vil bli om lag like stort som talet på dei som tek lærarutdanning.  

Rapporten er laga på oppdrag frå Direktoratatet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Her kan du lese rapporten. 

Lågare innvandring

Det at det blir mangel på fagarbeidarar, heng dels saman med at talet på dei som tek fagutdanning, vil gå ned dei nærmaste åra, medan fleire vil ta høgare utdanning.  

Dels heng det òg saman med at ein forventar lågare innvandring til Noreg i åra framover. Det betyr færre innvandrarar med fagkompetanse innanfor bygg- og anleggsfag, andre naturvitskaplege fag, tekniske fag og handverksfag.  

Når det gjeld elektrofag, mekaniske fag og maskinfag, tyder utrekningane på balanse i etterspurnaden. Desse faga vil oppleve eit fall i sysselsettinga som følgje av nedtrappinga innanfor olje- og gassutvinning, men dette vil truleg bli kompensert av auka sysselsetting i annan industri og privat tenesteproduksjon. 

Mindre behov for fleire bachelor- og masterutdanningar

Utrekningane tyder på at det kan bli behov for færre enn dei som utdannar seg på bachelor- og masternivå innanfor fleire fag på områda humaniora, samfunnsfag, administrative og økonomiske fag, realfag og teknologi. Her vil med andre ord etterspurnaden bli mindre enn talet på ferdigutdanna studentar.  

Rapporten understrekar likevel at det totalt sett vil bli behov for stadig fleire med høgare utdanning i Noreg i åra som kjem. Men det kan altså bli fleire som tek slik utdanning enn det arbeidsmarknaden etterspør. 

Bør tolkast med varsemd

I rapporten blir det understreka at dei utrekningane som er gjorde, viser moglege ubalansar i arbeidsmarknaden i åra som kjem. Resultata bør ikkje tolkast automatisk som at det blir arbeidsløyse eller arbeidskraftmangel med dei enkelte utdanningane.  

SSB-rapporten understrekar òg at han er ei framskriving av korleis utviklinga på arbeidsmarknaden kan bli, han er ikkje ein fasit. Framskrivinga bygger på korleis ein trur at mellom anna befolkningsutviklinga og dei økonomiske tilhøva vil arte seg. Endringar i desse tilhøva kan gjere at utviklinga blir annleis.  

Til dømes kan nye næringar i Noreg oppstå og påverke arbeidsmarknaden, og endringar i verdsøkonomien kan påverke norsk eksport, og dermed sysselsettinga. Dei som tek utdanning i åra framover, kan dessutan velje annleis enn dei tidlegare studentkulla. 

Bilde
Nærbilete av hender som skjer ei treplate
Bildetekst
Illustrasjonsfoto: Colourbox.