Mi kompetansereise: Ole Nicolay Høivik

Article tema
Mi kompetansereise: Ole Nicolay Høivik

Veilederforum.no har utvikla ein ny serie som følger opp serien Månadens rettleiar: Mi kompetansereise. Bli kjend med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg og deira kompetanse. Møt Ole Nicolay Høivik frå Veiledningssenteret Follo i Mi kompetansereise i august.

Mi kompetansereise er korte videointervju med rettleiarar i alle sektorar. Serien knyt seg opp mot kompetansestandardane i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, og i august møter vi Ole Nicolay Høivik, OT-koordinator på Veiledningssenteret.

På spørsmål om dei har tatt i bruk Nasjonalt kvalitetsrammeverk, svarer Høivik: «Eg trur at i den kunnskapsorganisasjonen vi er, så er det svært viktig at vi heile tida er i den prosessen at ein må utvikle seg. Så det skal introduserast nå i haust. Og eg håper at flest mogleg på Veiledningssenteret faktisk kjem til å nytte seg av sjansen til å bruke det aktivt!»

Høyr Høivik reflektere rundt eiga kompetanse, kva slags kompetanse han synest det er vanskeleg å bli god på, og kva slags kompetanse han ønsker å vidareutvikle.

Sjå heile intervjuet med Ole Nicolay Høivik:

Video file
Bilde
Portrett av Ole Nicolay Høivik med logo "min kompetansereise"
Bildetekst
Bli kjend med Ole Nicolay Høivik frå Veiledningssenteret Follo si kompetansereise.

Nasjonale kompetansestandardar for karriererettleiing

Min kompetanse

Innholdet i denne artikkelen kan være utdatert, og lenkene kan være brutt