Nav Nordre Follo er godt nøgd med sitt eige karrieresenter

Article tema
Nav Nordre Follo er godt nøgd med sitt eige karrieresenter

Mirjana Hodnekvam hadde lang erfaring som karriererettleiar, mellom anna frå NBMU, då ho fekk ansvaret for å bygge opp eit karrieresenter ved arbeidsplassen sin, Nav Nordre Follo. Karrieresenteret er godt besøkt og har nøgde brukarar, fortel ho. 

– Dette er eit supplement, slik at vi i Nav kan levere enda meir kvalitet i tenestene våre. For folk har veldig stort behov for dette, seier Mirjana Hodnekvam. 

Ho er leiar for karrieresenteret, som i tillegg til ho sjølv har to andre ressursar på deltidsbasis. Dei tilbyr drop-in kvar måndag og tysdag, der innbyggarar som får tenester frå Nav Nordre Follo, kan få hjelp med CV, jobbsøknadar og intervjutrening. Mirjana Hodnekvam tilbyr òg individuell karriererettleiing. Desse vegsøkjarane får ho tilvist frå andre rettleiarar ved Nav-kontoret, som arbeider med til dømes sjukefråversoppfølging eller i ungdomsteamet. 

Etablert under pandemien

Frå starten i 2021 og fram til mars i år har 729 personar nytta det individuelle karriererettleiingstilbodet. På kvar drop in-dag er det om lag 10 som møter fram. 

Karrieresenteret vart etablert i 2021, midt under pandemien. I denne tida fekk Nav ekstra stor pågang av folk som var permitterte eller oppsagde, og måtte omstille seg.  

Mirjana Hodnekvam har lang erfaring med karriererettleiing frå inkluderingsbransjen og frå NMBU på Ås, der ho hadde ansvar for å bygge opp karrieresenteret deira. I Nav fekk ho frie tyglar til å starte opp og utvikle karrieresenteret. 

– Eg hadde ein prat med den dåverande leiaren min her, og vi var samde om at den kompetansen eg hadde som karriererettleiar, den måtte brukast.  

Starta med individuell rettleiing

Dei starta med individuell karriererettleiing av brukarar som hadde behov for noko ekstra, ut over det dei andre rettleiarane hadde kapasitet til.  

Det vart etter kvart ganske lang ventetid til dei individuelle karrieresamtalane. Mykje tid gjekk med, ikkje minst til CV- og søknadsrettleiing og intervjutrening, merka Mirjana Hodnekvam.  

–  Og så tenkte eg: Kva med ein drop in-teneste i tillegg? Leiaren min syntest det var ein god idé, og så starta vi opp med det frå januar 2023. 

Brei kompetanse

Ein av dei som jobbar med drop-in, tilhøyrer marknadsavdelinga ved Nav-kontoret, og har eit stort nettverk hos lokale bedrifter. Den andre har bakgrunn som opplæringskoordinator med god kjennskap til mellom anna ulike fagbrevløp. Andre rettleiarar, til dømes frå ungdomsteamet, stiller òg ofte opp og blir med på drop-in. Dei synest det er givande, og dei får moglegheit til å møte brukarane sine på ein annan måte.  

Til saman utfyller drop in-teamet kvarandre godt ut frå den kompetansen kvar einskild har med seg, meiner Mirjana Hodnekvam. 

– Det fungerer utruleg bra, og vi har det veldig triveleg saman, med ein uformell tone der dei som vitjer oss, får kjeks, kaffe og te. Vi vil gjerne at folk skal kjenne seg vel hos oss. 

Bygger på frivilligheit

Ho får mange gode tilbakemeldingar frå vegsøkjarane, og trur ein av suksessfaktorane nettopp er at dei Nav-rettleiarane som er med på karriererettleiingsaktivitetane, gjer det fordi dei er dedikerte og finn det meiningsfylt. Dei blir ikkje pålagde slike oppgåver.  

Likeeins trur ho det har ein positiv verknad at vegsøkjarane bestemmer sjølve om dei ønsker å nytte karriererettleiingstilbodet.  

Mirjana Hodnekvam trur òg det at ho jobbar litt fristilt, betyr noko. Ho skriv notat, men har metodefridom i rettleiingsarbeidet, og er den einaste ved Nav-kontoret som har tittelen karriererettleiar. Det at ho er litt på sida av det vanlege oppfølgingsapparatet i Nav, trur ho kan opplevast som ein fordel for vegsøkjarane. 

– Det er noko med det å kome litt bort frå dei som har ansvar for ytinga si på Nav, og til ein meir nøytral stad. 

Ho ser òg ein stor fordel med at ho, fordi ho jobbar innanfor Nav-systemet, kan bistå i til dømes sjukmeldingsprosessar. Mange av dei individuelle rettleiingssamtalane er med sjukmelde, og det handlar veldig ofte om moglegheiter for omstilling.  

Ingen konkurrent til dei fylkeskommunale

Mirjana Hodnekvam understrekar at karrieresenteret ved Nav Nordre Follo ikkje er nokon «konkurrent» til dei fylkeskommunale karrieresentra. Tvert om har dei eit godt samarbeid, understrekar ho. Dessutan har ho og kollegene Nav-brukarar som målgruppe, og ikkje heile den vaksne befolkninga, slik som dei fylkeskommunale karrieresentra. 

Så vidt Mirjana Hodnekvam har kjennskap til, er det ingen andre Nav-kontor i landet som så langt har etablert sitt eige karrieresenter.  

– Men fleire Nav-kontor har vore innom her og sett korleis vi jobbar, og har eit ønske om å få til noko liknande. 

Meir heilskaplege tenester

– Kva potensial trur du eit eige karrieresenter kan ha for eit Nav-kontor? 

– Det eg tenker, er at vi kan gi litt meir heilskaplege tenester til innbyggjarane våre. I distriktet vårt er berre (det fylkeskommunale) karrieresenteret i Ås ein moglegheit for folk, og stundom har dei lange ventetider. Det handlar òg om det samarbeidet vi får til på tvers av dei ulike avdelingane i Nav – vi veit om kvarandre og hjelper kvarandre. Det er ikkje «brukaren min», alle er . Så eg tenker at dette er ei utviding av det rettleiarane rekk i arbeidskvardagen sin. 

Vil vere i forkant

Framover legg ho vekt på å utvikle karrieresenteret vidare, der ho vil hente innspel frå kollegene sine. Kunstig intelligens (KI) og korleis denne teknologien kan brukast innanfor karriererettleiing i større grad, er noko av det som opptek ho. 

– For meg er det viktig at vi er eit hestehovud føre, at vi skjøner kva marknaden etterspør. Til dømes vil jobbintervju garantert sjå veldig annleis ut om kort tid, nettopp på grunn av KI, seier Mirjana Hodnekvam.  
 

Bilde
Foto av dame med grå byggnad i bakgrunnen
Bildetekst
Mirjana Hodnekvam er leiar for karrieresenteret ved Nav Nordre Follo, som for tida held til i Gamle Oppegård Rådhus. Foto: Mona Vaagan.