Bergen satsar på varierte karrieretiltak for flyktningar og innvandrarar

Article tema
Bergen satsar på varierte karrieretiltak for flyktningar og innvandrarar

Eit karrieretorg, eit leiarutviklingsprogram og ein drop in-dag på karrieresenteret – alt retta mot innvandrarar og flyktningar. Det er nokre av prosjekta som har vorte lansert i Bergen dei siste åra.

Karriere Vestland arrangerte i vår ein open dag for flyktningar og innvandrarar. Opplegget var drop in-basert, det vil seie at dei berre kunne møte fram og få rettleiing. Åtte personar fann vegen til lokala i Bergen sentrum – ein av Karriere Vestlands seks lokasjonar. Frammøtet kunne vore enda betre, meiner Sidar Kartal, koordinator og fagleg ansvarleg for integreringsfeltet i Karriere Vestland. Men arrangementet var ein test, for å finne ut kva for tilbod som treff målgruppa. Karriere Vestland planlegg å gjere det fleire gonger, med nokre endringar.

- Neste gong vil det ikkje bli arrangert på dagtid, men etter arbeidstid. Vi vil òg be dei fylle ut eit påmeldingsskjema, slik at vi veit meir om bakgrunnen deira, seier Kartal.

Fekk idéen på Internasjonalt Karrieretorg

Karriere Vestland fekk idéen til den opne dagen da dei var med på eit anna karrieretiltak i Bergen for den same målgruppa – Internasjonalt Karrieretorg. Bergen Næringsråd er arrangør for dette, med Vestland fylkeskommune som ein av samarbeidspartnarane. Internasjonalt Karrieretorg har vorte arrangert i byen sidan 2009. Karriere Vestland stilte i år med seks karriererettleiarar, og det var lang kø av folk som ønskte rettleiing, fortel Kartal.

- Dei hadde bakgrunn frå heile verda. Det var mellom anna flyktningar, studentar og arbeidsledige innvandrarar.

Bilete av Sidar Kartal som pratar med deltakarar på Internasjonalt Karrieretorg.

Sidar Kartal (i kvit T-skjorte) pratar med deltakarar på Internasjonalt Karrieretorg som i år vart arrangert for 13. gong. Foto: Tove-Lise Mossestad.

På Internasjonalt Karrieretorg kan arbeidssøkjarar med innvandrarbakgrunn treffe moglege arbeidsgjevarar. Dei kan òg få informasjon om det norske arbeidslivet, og som allereie nemnt, karriererettleiing. På programmet i år sto dessutan foredrag, mellom anna om korleis ein kan få vist fram kompetansen sin på eit jobbintervju.

Fleire har fått tilbod om jobb

Internasjonalt Karrieretorg har vorte ein suksess, med opp mot 1000 deltakarar årleg, ifølgje Iver Neptali Belle-Ramos. Han var fram til nyleg prosjektleiar og næringspolitisk rådgivar i Bergen Næringsråd.

- Kvart år er det nokre som får jobb etter at dei har vore på karrieretorget. Det har hendt at folk har fått tilbod om jobb der og da, seier Belle-Ramos.

Eit viktig siktemål med Internasjonalt Karrieretorg er å bidra til at fleire bedrifter oppdagar kompetansen som finst i minoritetsbefolkninga. Mange som kjem til Noreg synest det er vanskeleg å få innpass, både sosialt og jobbmessig, påpeiker Belle-Ramos. Han viser til ei fersk undersøking som nyleg vart omtalt i media der Noreg hamnar nesten heilt på botnen når det gjeld korleis utlendingar opplever det å etablere seg her i landet.

- På eit teoretisk nivå handlar det om at den nasjonale kulturen forplantar seg til bedriftskulturen, og den nasjonale kulturen favoriserer majoritetsbefolkinga. Men dette skaper problem i den internasjonale kulturen som òg norske bedrifter må tilpasse seg. Vi må ruste oss for eit større mangfald der ute, seier Belle-Ramos.

Mentorprogram

Eit anna tiltak Bergen Næringsråd har etablert, er Bergen Opportunity. Dette er eit mentorprogram for flyktningar og innvandrarar med høgare utdanning eller fagkompetanse som ønskjer ei leiarstilling. 80 personar har gjennomført programmet i dei fire åra det har eksistert. Ein av dei er for øvrig Sidar Kartal i Karriere Vestland. Bergen Opportunity har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane, fortel Belle-Ramos, som òg har vore prosjektleiar for dette tiltaket.

- I gjennomsnitt har seks av ti oppgitt at dei har fått karriereframgang, seier Belle-Ramos, og legg i uttrykket karriereframgang at deltakaren har komme nærmare målet sitt.

Mentorprogrammet har òg hatt andre positive verknader, ifølgje Belle-Ramos. Deltakarane har fått rettleiing og støtte, og tilgjenge til eit større nettverk. Mentorane, som har lang leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd, har fått styrka mangfaldskompetansen sin.

Mykje ressursar går til integreringsfeltet

Vestland fylkeskommune samarbeider med Bergen Næringsråd om både Internasjonalt Karrieretorg og Bergen Opportunity. Karriererettleiing på integreringsfeltet femner no om ein stor del av ressursane og arbeidsoppgåvene til  Karriere Vestland, fortel Gøril Vikøren Nøkleby, leiar for Karriere Vestland.

- Halvparten av dei 14 stillingsressursane vi har vert nytta på dette viktige feltet. I tillegg til karriererettleiing av innvandrarar, driv vi som kompetansesenter også med informasjons- og opplæringsverksemd kor vi deler av kunnskapen vi har innan feltet med karriererettleiing for nykomne til Noreg.

Bilete av karriererettleiarar frå Karriere Vestland i samtale med vegsøkjarar på Internasjonalt Karrieretorg.

Seks karriererettleiarar frå Karriere Vestland tilbydde speed-rettleiing på Internasjonalt Karrieretorg. Foto: Tove-Lise Mossestad.

Ho omtalar Internasjonalt karrieretorg som eit viktig og markant arrangement i Vestlandsregionen.

- Vi har vore med på arrangementet i fleire år, og det å delta her er ei prioritert oppgåve i årskalenderen vår. Her møter vi høgt utdanna og engasjerte jobbsøkarar som treng den kompetansen som Karriere Vestland sit på for å finne fram til draumejobben med den kompetansen dei har med seg til Vestland.

Har stor tru på Bergen Opportunity

Gøril Vikøren Nøkleby har òg stor tru på tiltaket Bergen Opportunity, der andre samarbeidspartnarar er NAV Vestland og Bergen kommune.

- Der Internasjonalt Karrieretorg treff breitt og har fleire hundre deltakarar på sjølve dagen, er Bergen Opportunity eit mentor- og utviklingprogram for talentfulle innvandrarar med høgare utdanning eller fagbrev. Saman ser vi at det trengs tiltak på fleire nivå for å betre utnytte dei ressursane som ofte ikkje vert nytta frå innvandrardelen av befolkninga i Vestland. Vi er stolte av å være ein del av både Internasjonalt Karrieretorg og Bergen Opportunity. Og vi ser at mange av dei som treff oss på Internasjonalt Karrieretorg booker seg time til rettleiing hos oss for å jobbe vidare med karrieren sin, seier Gøril Vikøren Nøkleby.

Bilde
Bilde av deltakarar på Internasjonalt Karrieretorg i Bergen