Tittel: The Career Development Handbook – The Foundations of Professional Career Practice
Forfattar: Tristram Hooley, Gill Frigerio og Alexander Rosie
Utgjevingsår: 2024
Forlag: Trotman Publishing
Kva handlar boka om?
The Career Development Handbook er laga som ei handbok som utforskar alt det dei som jobbar med karriererettleiing, treng å vite. Dette spenner frå profesjonelle verdiar til teori, politikk – og viktigast av alt: til det store spekteret av ulike praksisformer som karriererettleiarar kan bruke.
Kven er målgruppa?
Boka er både for nye praktiserande innan karriererettleiing, inkludert dei som studerer, og for erfarne praktikarar som ønskjer ein ressurs som kan støtte den profesjonelle utviklinga deira. Ho er skriven på ein tydeleg og lettfatteleg måte utan fagsjargong, og inneheld mange andre ressursar og casestudium. Dette gjer ho til ein perfekt stad å utvide kunnskapen om karriereutvikling.
Korleis kan boka vere nyttig for deg?
For nye praktikarar er boka utforma som steg-for-steg-rettleiing til alt du nokon gong har ønskt å vite om karriereutvikling. Ho inneheld mellom anna ei ordliste som gjer komplekse omgrep og ukjende termar lettare å forstå. Deretter leier boka deg gjennom heile breidda av tema du må kjenne til for å kunne drive med karriereutviklingsarbeid. Til slutt handlar ho òg om korleis ein kan jobbe som leiar innan feltet.
For meir erfarne praktikarar vil boka hjelpe deg med å vekke til live kunnskap du allereie har, og utfordre deg innan nye område som teori, politikk og leiarskap. Og sidan ho òg inneheld mange referansar til nettsider, videoar og andre bøker, opnar ho for å fordjupe seg vidare og utforske nye fagområde.
Kvifor har du og medforfattarane dine skrive boka?
Boka er skriven i fellesskap av meg (Tristram Hooley ved University of Derby og Høgskolen i Innlandet), Rosie Alexander (Aarhus Universitet i Danmark) og Gill Frigerio (University of Warwick). Vi skreiv ho fordi vi meinte at karriereutviklingsfeltet mangla ei handbok som tek for seg alt ein treng å vite – samla på ein stad.
Kan du gi ei oversikt over dei ulike delane i boka?
Boka består av 12 kapittel som tek lesaren med på ei reise frå det første møtet med profesjonen, via utvikling av studieteknikkar, til innsikt i profesjonen og verda der karriereutviklingspraksis skjer. Deretter går boka vidare til å sjå på karriereteori før ho tek for seg dei viktigaste tilnærmingane til praksis: karriererådgiving, karriereundervisning, bruk av informasjon og ressursar, arbeid med organisasjonar og system og leiing av karrieretenester. Til slutt rundar boka av med eit kapittel som oppmodar til refleksjon, og ber lesaren tenkje over korleis hen ønskjer å gå vidare i sin eigen karriere og profesjonalitet.