Aktuell faglitteratur: «The Career Professional's Guide to Research»

Article tema
Aktuell faglitteratur: «The Career Professional's Guide to Research»

I denne boka presenterer forfattar Emma Bolger korleis karriererettleiarar er i en unik posisjon til å drive praksisleidd forskning.

Forfatter: Emma Bolger
Publiseringsår: 2025
Forlag: Trotman

Kva handlar boka om?

Eg skreiv The Career Professional’s Guide to Research først og fremst for å oppmuntre karriererettleiarar til å engasjere seg i praksisleidd forsking. Med boka håpar eg både å gjere forsking mindre framand og å vise korleis praktikarar er unikt posisjonerte til å gjennomføre meiningsfulle, etiske og effektive forskingsprosjekt.
Eg håpar at lesarane kan «høyre» stemma mi i teksten, sidan boka er skriven i ein praktisk og motiverande tone. Boka er delvis ei bruksrettleiing, men ho er òg skriven med min eigen agenda i tankane: å bidra til å byggje forskingskultur innan karriererettleiingssektoren frå praktikarperspektivet, og for at praktikarar skal bruke stemmene sine i ei verd der dei må engasjere seg meir direkte i, og påverke, politikk, praksis og framtida for karriererettleiing.

Kven er boka skriven for?

Gjennom heile boka refererer eg til praksisleidd forsking. Dette er eit omfattande og fleksibelt omgrep som skildrar all forsking som vert utført av praktikarar som er engasjerte i karriererettleiingsarbeid. Liknande omgrep inkluderer praksisengasjert forsking, praksisbasert forsking, anvend forsking og praksisdriven forsking. Dette er definisjonar som vert brukte på tvers av yrke der det er vanleg å sjå forsking som er inspirert, leia og/eller utført av tilsette i førstelinja. Boka er meint for alle som er involverte i karriererettleiingsarbeid, i vid forstand.

Kvifor skreiv eg boka?

Eg ønskte å oppmuntre karriererettleiarar til å forstå betre korleis dei er i ein unik posisjon til å utføre forsking. Praktikarperspektivet deira tilfører enorm verdi til forskingslandskapet.
Nokre viktige grunnar til at eg skreiv boka:
• Å oppmuntre karriererettleiarar til å engasjere seg i og med praksisleidd forsking
• Å avmystifisere forskingsprosessar
• Å gjere det mogleg for praktikarar i førstelinja å sjå korleis dei er unikt posisjonerte til å gjennomføre meiningsfulle, etiske og effektive forskingsprosjekt
• Å hjelpe praktikarar med å utvikle forskingsferdigheiter og evna til å kritisere andre si forsking
• Å forbetre forskingslandskapet ved å auke mangfaldet av forskarar

Strukturen i boka

Føremålet med boka var å gje lesarane ei god leseoppleving, men òg å skrive ei handbok som lar dei lese og utforske når dei treng det. Boka gjev lesarane eit rammeverk som hjelper dei med å planleggje og gjennomføre forskinga si, og deretter fremje forskinga si og vidareutvikle ferdigheitene sine. Boka er skriven slik at ho kan lesast frå perm til perm, men òg slik at nye forskarar kan kome tilbake seinare for å utforske dei delane dei treng for å støtte pågåande forsking.
Eg utforskar heile forskingsreisa; frå å identifisere og grunngje tankar om tema til datainnsamling, analyse og formidling (deling av arbeidet ditt med dei rette målgruppene). Eg dekkjer kva som kjenneteiknar ein god forskar og eit godt tema, utforskar viktige ferdigheiter som kvalitative og kvantitative metodar, og gjev praktiske verktøy som støttar praktikarar gjennom planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt. Gjennom heile boka finn du sitat frå praktikarar og praktiske malar som støttar lesarane si læring no og i framtida.

Bilde
Bokas forside med bilde av en spiral i mosaikk