I samband med den internasjonale FN-dagen for utdanning 24. januar 2025 inviterer Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet til seminar om utdanningsgapet personar med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom opplever.
Det norske samfunnet har dei siste 20 åra opplevde ein utdanningseksplosjon. Men ikkje alle har vore ein del av den. I særleg grad gjeld dette elevar med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom.
Ny forsking på feltet avdekker at vi står langt unna å oppnå målsettinga om eit rettferdig og inkluderande utdanningssystem. Presentasjonen vår beskriv situasjonen for fleire ulike grupper, men vil ha eit særleg fokus på erfaringane til foreldre som har barn med ADHD.
På dette seminaret stiller vi spørsmålet: Kva kan vi gjere for å tette utdanningsgapet for elevar med funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdommar?