EUs utdanningspakke: Forslaget om attraktive karrierar i akademia

Til kalenderoversikt
 - 
EUs utdanningspakke: Forslaget om attraktive karrierar i akademia

I mars publiserte Europakommisjonen sin «høgare utdanningspakke», eit reformforslag der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. HK-dir inviterer til webinarrekke i 2024 for å utforske dei ulike forslaga i utdanningspakken.

Dette webinaret er det fjerde i rekka og vil handla om forslaget om attraktive karrierar i akademia. Europakommisjonen sitt utgangspunkt er at internasjonalt utdanningssamarbeid og kvalitetsutvikling i høgare utdanning ikkje blir støtta og verdsett i så stor grad som naudsynt i dei akademiske karrierane, og at dette er eit hinder for utvikling av europeisk høgare utdanning.

Kva inneber dette forslaget, og korleis ser det ut frå perspektivet til europeiske og norske universitet? Korleis heng den europeiske prosessen for utvikling av akademiske karrierar saman med det som skjer i Noreg?

Program

Europakommisjonen sitt forslag om attraktive karrierar i høgare utdanning

  • Jon Gunnar Simonsen, avdelingsleiar, HK-dir

Careers in higher education - perspectives from higher education institutions and considerations for the proposal of Council Recommendation

  • Thérèse Zhang, Deputy Director, European University Association (på engelsk)

Fleksible karrierevegar og internasjonalisering for norske akademikarar, i eit NOR-CAM-perspektiv

  • Alexander Refsum Jensenius, professor og leiar for RITMO-senteret, UiO

Erfaringar frå ein norsk UH-institusjon og deira europeiske partnarar

  • Heidi Tovsrud Knutsen, spesialrådgivar, Universitetet i Sørøst-Norge, den europeiske universitetsalliansen EDUC og YERUN-nettverket

Panelsamtale

Legg til i kalender 2024-11-04 10:00:00 2024-11-04 11:30:00 EUs utdanningspakke: Forslaget om attraktive karrierar i akademia I mars publiserte Europakommisjonen sin «høgare utdanningspakke», eit reformforslag der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. HK-dir inviterer til webinarrekke i 2024 for å utforske dei ulike forslaga i utdanningspakken.Dette webinaret er det fjerde i rekka og vil handla om forslaget om attraktive karrierar i akademia. Europakommisjonen sitt utgangspunkt er at internasjonalt utdanningssamarbeid og kvalitetsutvikling i høgare utdanning ikkje blir støtta og verdsett i så stor grad som naudsynt i dei akademiske karrierane, og at dette er eit hinder for utvikling av europeisk høgare utdanning.Kva inneber dette forslaget, og korleis ser det ut frå perspektivet til europeiske og norske universitet? Korleis heng den europeiske prosessen for utvikling av akademiske karrierar saman med det som skjer i Noreg?ProgramEuropakommisjonen sitt forslag om attraktive karrierar i høgare utdanningJon Gunnar Simonsen, avdelingsleiar, HK-dirCareers in higher education - perspectives from higher education institutions and considerations for the proposal of Council RecommendationThérèse Zhang, Deputy Director, European University Association (på engelsk)Fleksible karrierevegar og internasjonalisering for norske akademikarar, i eit NOR-CAM-perspektivAlexander Refsum Jensenius, professor og leiar for RITMO-senteret, UiOErfaringar frå ein norsk UH-institusjon og deira europeiske partnararHeidi Tovsrud Knutsen, spesialrådgivar, Universitetet i Sørøst-Norge, den europeiske universitetsalliansen EDUC og YERUN-nettverketPanelsamtale Veilederforum.no Erasmus+ Europe/Oslo public
Dato
 - 
Arrangør
Erasmus+