Som karriererettleiar får eg lov til å møte mange ulike menneske. Dei fleste har eit fellestrekk – dei ønsker å snakke om arbeid eller utdanning. Dei fleste er òg anten i jobb eller utdanning, og dei fleste ønsker å utvikle seg vidare eller gjere ting annleis. Men av og til, ein sjeldan gong, er det dei som ikkje er der. Dei som – i røynda – ikkje ønsker det eller – og det er faktisk meir vanleg – ikkje er klare for det (enno). Dei som kjem til meg, og i løpet av samtala kjem fram til at dei i røynda ikkje er på ein plass der dei kan vurdere endring når det gjeld jobb eller utdanning. Men så er det då denne forventinga frå dei andre. Kven er desse andre som vegsøkjarane føler seg pressa av, og på ein eller annan måte forplikta til? Ein kan nok koke det ned til eitt ord: Samfunnet. Det er desse rettleiingane der eg vert særleg medviten på at det ikkje berre er meg og vegsøkjaren som møtest. Nei, heile verda er inne i mitt vesle kontor på karrieresenteret i Kristiansand. Kvar kjem denne verda frå? Det krev ein liten ekskurs.
Gjensidig påverknad av samfunnet og individ
Den verdskjende filosofen Simone de Beauvoir skreiv mykje klokt, men det var ei setning som ho vart veldig kjend for: «On ne naît pas femme, on le devient.» Denne setninga vert ofte omsett til «Ein vert ikkje fødd kvinne, ein vert til det», men eg føretrekkjer omsettinga til Ingrid Galster, som tok meir omsyn til Beauvoir sine tankar rundt dette konseptet, og omsette det til «Ein vert ikkje fødd kvinne, ein vert gjort til det». Med andre ord: Det er prosessar utanfor individet som gjer ei kvinne til ei kvinne. Sjølvsagt tenkte Beauvoir ikkje at kvinner vert fødde kjønnslause, men ho skil mellom det biologiske kjønnet og det samfunnsmessige/sosiologiske ved kjønnet. Ho refererer til alle forventingane ute i verda om kva det vil seie å vere ei kvinne. Om lag 15 år seinare vert eit anna konsept, som er knytt til sosiologane Norbert Elias og Pierre Bourdieu, kjent: Habitus.
Særleg Bourdieu sine tankegangar rundt dette konseptet har vorte vidkjende. Hjå han er konseptet todelt i objektiv kategorisering av dei som tilhøyrar ei sosial klasse, og utover det eit individretta konsept. Det er særleg den andre delen som er relevant her. Der omskriv han habitus som den heilskaplege framsyninga til ein person, og kallar det internalisering av kollektive disposisjonar. Med andre ord er det samfunnet og tilgangen vår til ulike typar samfunnsmessig kapital som set sitt preg på oss, og gjer oss til den personen vi er no. Sjølv om ein kan vere usamd med både Beauvoir og Bourdieu, har dei nok eit poeng med å sjå på kva for påverknad samfunnet har på prosessen som gjer oss til den personen vi er.
Eit møte mellom to personar
Det får meg attende til det som eg skreiv i innleiinga. Når eg sit på kontoret mitt, er det ikkje berre meg og vegsøkjaren der. Nei, heile samfunnet er der og verkar inn på dette møtet – ikkje berre gjennom vegsøkjaren, men på mange ulike måtar. For å gjere det enkelt har eg vald å skilje langs to aksar: personleg og profesjonell; vegsøkjar og rettleiar. På denne måten er vert det fire «grupper»:
- kven eg (karriererettleiaren) er som person
- kven vegsøkjaren er som person
- kven eg (karriererettleiaren) er som rettleiar
- kven vegsøkjaren er som vegsøkjar på sin karriereveg
Det er kanskje lurt å sjå først på det kven høvesvis eg og vegsøkjaren er som personar. Til sjuande og sist er det to personar som møtest på dette kontoret – to personar som har hatt eit liv før dette møtet, og som kjem til å ha eit liv etter dette møtet. Og sjølv om dette er en profesjonell situasjon, er det visse haldningar, tankar og ikkje minst verdsbilete som kan kome til syne i rettleiinga. Som rettleiar må eg stadig vekk velje kva eg skal seie eller spørje. Vegsøkjaren på si side må velje kva vedkomande ønsker å dele, korleis uttrykkje det som vedkomande ønsker å få fram, osb. Kva vi seier, korleis vi seier det, og kva vi ikkje (kan) seie(r), er ifølge Bourdieu avhengig av habitusen vår, som òg påverkar «grammatikken» vår. Kvar vi kjem frå, og kva som har prega oss, har dermed altså stor påverknad på rettleiingssituasjonen sidan det kan setje grenser for kva vi kan uttrykkje, ja, kanskje til og med tenkje.
Ytre påverknad
Som rettleiar er eg sjølvsagt òg påverka av mange faktorar som spelar inn i rettleiinga, og som styrer meg som rettleiar. Nokre ting er ganske enkle og openberre, som til dømes etiske reglar og normer. Her meiner eg ikkje at desse innskrenkar meg, eller at eg opplever dei som negative, men meir at dette er noko som ein støre fellesskap har vorte samde om, og som eg må stille meg til. Andre faktorar påverkar meg på ein mindre openberr måte, til dømes nokre politiske avgjerder og linjer i samfunnet. Men nokre av dei vert særleg synlege for meg i desse rettleiingane, der eg prøver å finne ut kvifor nokon sit på kontoret mitt, og i røynda ikkje ønsker endring, jobb eller utdanning. Kva er det som pressa dei til det? Så dukkar orda som arbeidslinje og skattefinansiert velferdsstat opp i hovudet mitt, og eg som rettleiar må stille meg til dette, og innsjå at dette òg kan påverke «grammatikken» min. I tillegg må eg stille meg til om det er mi oppgåve å hjelpe vegsøkjarane å finne ut kva som ønsker, eller om eg òg har eit ansvar for noko større utanfor dette vesle kontoret med kvite modulveggar og ei halvdaud potteplante.
Vegsøkjaridentitet
Det får oss over til det siste punktet: Kven er vegsøkjaren som vegsøkjar? Altså ikkje kven vedkomande er som person, men kva slags vegsøkjar vedkomande er. Og om ein følgjer tanken til Simone de Beauvoir vidare, kva er det som har gjort vedkomande til denne vegsøkjaren? Det vi karriererettleiarar møter i desse vegsøkjarane som ikkje har fokuset på karrierevekst og utvikling, er grensene til systemet vi lever i. Desse vegsøkjarane etterspør kva som er mogeleg utanfor systemet, og om det finst ekte val innanfor systemet sine rammer. Dette skal ikkje vere åndlaus kapitalisme- eller systemkritikk, men eg tenkjer at i rolla vår som karriererettleiarar er det viktig å vere klar over røynda som ligg utanfor systemet slik vi kjenner det. Eg har opplevd at det ofte vert snakka om å realitetsorientere i rettleiing, men då er spørsmålet kva slags realitet snakkar vi om, og kven eig denne realiteten? Eg som karriererettleiar tenkjer nokre gongar om det å erkjenne og etterspørje systemet òg ligg i rolla vår. Kva plass kan den einskilde vegsøkjaren få i ei rettleiing der så mykje anna er til stades? Korleis kan vi møte desse personane som kjenner eit press frå ein realitet som dei ikkje opplever som sin eigen, og som føler at dei ikkje eig sitt eige liv? Her må det ein siste ekskurs til. Det er mogelegvis Ludwig Wittgenstein som kan hjelpe oss å nøste opp i dette.
Ein delt livsrealitet
Wittgenstein skriv i boka «Om visse» mykje om korleis visse vert til. Ifølge han finst tryggleik berre i forankring av livet i praksis. Det er fundamentet til handlingane våre og vissa vår. I løpet av livet vårt lærer vi å finne oss til rette i ein livsrealitet som er delt av oss alle, og definert mellom anna gjennom språk, argumentasjon og reglar. Vi rettferdiggjer handlingane våre og sikrar vissene våre i denne konteksten. Bakgrunnen er felles handling som er utgangspunktet, og i seg sjølv ikkje vert etterspurd, men akseptert av allmenta som ei sjølvfølge. Samstundes kan ein utforske denne bakgrunnen kritisk, og han er foranderleg. Wittgenstein skriv vidare at kunnskap vert til som utveksling av argument, men det finst overtydingar eller visser som ikkje tillèt meir tvil. Dette er ikkje objektiv kunnskap, men dei er fundamentet til verdsbiletet vårt. Det er dette som all kunnskapen vår og vissene og overtydingane våre byggjer på. Det er dermed dette som vert definert som kombinasjonen av den individuelle identiteten vår og alle dei pregande faktorane som spelar inn i prosessen til å verte til oss sjølve. Desse vissene gir oss referanseramma vår, det vil seie realiteten vår. Om vi no kombinerer Wittgenstein sin teori med teoriane til de Beauvoir og Bourdieu, viser det seg eit nytt bilete. Ein kan skjøne det slik at de Beauvoir og Bourdieu har definert korleis referanseramma til vegsøkjaren vert til, heller enn korleis sjølve identiteten til den einskilde vert utforma.
Ifølge Wittgenstein er vissa vår fundamentet for det som vi oppfattar som realiteten. Det er noko ein ikkje kan tvile på sidan all tvil berre går føre seg innanfor denne realiteten. Vissa avgrensar på ein måte realiteten vår. Wittgenstein samanliknar denne avgrensinga med eit elvefar. Dette faret er referanseramma vår, som definerer kva vi kan skjøne, og kva vi ikkje kan skjøne. Faret kan vi flytte på, men vi kan ikkje fjerne det sidan det ikkje er noka elv (kunnskap/visse) utan elvefar. Oppgåva vår som karriererettleiarar er det difor oftast å vere med i ein prosess som set vegsøkjaren i stand til å forstå kva hans eller hennar elvefar er samansett av, definere det, og mogelegvis flytte på elvefaret, og ikkje å prøve å fjerne det. Med andre ord skal vi bidra til at vegsøkjaren skjønar meir av si eiga referanseramme. Det er òg veldig viktig at det er vegsøkjaren som må handle sjølv, særleg når det gjeld å flytte elvefaret (som altså svarar til referanseramma), og ikkje rettleiaren. Berre det gir eigarskap, og er del av ei naturleg utvikling i staden for at vi som rettleiarar grev kunstige kanalar, og flytter på elvefaret for vegsøkjaren.
Meir enn eit møte mellom to personar
Det er altså avgjerande for oss som rettleiarar å vere medvitne om at ei karriererettleiing er meir enn berre eit møte mellom to personar. Det er gjerne ei heil verd med i rommet, fanga i kvar vår habitus, og med krav og forventingar både til oss rettleiarar og vegsøkjaren. Det er òg viktig at vi hugsar at dei eksterne faktorane påverkar kven vi er, og kva vi kan uttrykke. Samstundes er det eit møte med to personar. Dessutan er det veldig viktig å vere til stades, og fokusere på den andre i heile hans eller hennar kompleksitet. Men nokre gongar opplever eg at det kan vere vanskeleg. Veldig vanskeleg.
Implikasjonar for praksis
Å vere medviten om dei ulike faktorane er den eine sida, å kunne bruke det i rettleiing er den andre. Og kva skal vegsøkjaren få ut av det heile? Sjølv om det kan vere vanskeleg å prøve å gi korte og konsise råd, skal eg likevel prøve det. Samstundes er det sjølvsagt ikkje noka endeleg liste, og du som les dette kan sjølvsagt finne eigne måtar å bruke dette i din praksis:
- Vi bør vere opne for å utforske og opne for at vegsøkjaren har ein annan realitet som kan vere like aktuell og relevant som rettleiaren sin realitet. Viktigare enn å akseptere det er det å utforske kvar denne realiteten kjem ifrå. Det vil seie kva er det vi veit som er bakgrunnen for overtydingane? Ein har oftast kome dit når vegsøkjaren ikkje lenger kan svare på spørsmålet «kvifor vedkomande tenkjer at det er slik».
- Vi må vere trygge på oss sjølve som rettleiarar, og vere i ein god indre dialog for å finne ut kva som skjer i oss sjølve. Det er viktig å ta seg nokre minutt før ei rettleiing, og rette fokuset innover. Kva er det som påverkar meg akkurat no, og korleis kan det kome til syne i rettleiinga?
- Visualisering kan vere ein fin måte å få fram dei ulike faktorane som utgjer vegsøkjaren. Ein kan i rettleiing byrje med ei tidslinje, og snakke om viktige vegval og kva vegsøkjaren opplevde som avgrensande i desse situasjonane. Ein kan òg teikne ein sirkel og be vegsøkjaren skrive ned alt som vedkomande føler påverkar akkurat no, frå romtemperatur til stressnivå, forventingar eller draumar og fryktar. Når vegsøkjaren har gjort det, kan ein fordele det mellom ting som skal vere i sirkelen – som skal vere viktige i rettleiinga og i eit karriereval – og ting som ikkje skal vere i sirkelen – ting som er der, men ikkje skal vere utslagsgivande.
4. Ei komparativ tilnærming kan òg vere aktuell. Om ein vegsøkjar seier at han/ho ønsker å ta desse og desse vala, og vi som rettleiarar kjenner i oss at dette ikkje kjem til å gå, eller noko anna strir imot, er det viktig å presentere dette for vegsøkjaren på ein måte som gjer det mogeleg å samanlikne. I staden for å seie
«Nei, det fungerer nok ikkje»
kan det vere betre å seie
«Det var ein interessant tanke. Som eg ser det kan det vere vanskeleg å få det til grunna … Kva tenkjer du kvifor det kan fungere?»
Slik kan ein samanlikne og kome fram til ei felles forståing.
Referansar
Bourdieu, P. (1982). Ce que parler veut dire. L'économie des échanges linguistiques. Paris: Fayard.
Bourdieu, P. (1986). The forms of capital. I Handbook of theory and research for the sociology of education. New York: Greenwood.
Buber, M. (1996). I and thou. . New York: Touchstone.
de Beauvoir, S. (1990). Le deuxième sexe II. L’expérience vécue. Paris: Édition du Club France Loisirs med autorisasjon fra Éditions Gallimard.
Galster, I. (2015). Simone de Beauvoir und der Feminismus. Hamburg: Argument Verlag.
Rehbein, B. (2016). Die Soziologie Pierre Bourdieus. Konstanz: UTB.
Wittgenstein, L. (1970). Über Gewissheit. Berlin: Suhrkamp.