Mi kompetansereise er korte videointervju med rettleiarar i alle sektorar med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver. Serien knyt seg opp mot kompetansestandardane i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, og i september møter vi Frida Natland, karriererettleier ved Karrieresenteret i Trøndelag.
«Jeg var jo en sånn person som aldri visste selv hva jeg skulle bli når jeg ble stor. Jeg har på en måte alltid utsatt valg ved å velge den mest generelle veien,» fortel Natland om sin veg inn i karriererettleiinga. Høyr ho reflektere rundt eiga kompetansereise og korleis ho fekk jobben ho har i dag. I tillegg snakkar ho om kva slags kompetanse ho synest det er vanskeleg å bli god på og kva slags kompetanse ho ønsker å vidareutvikle.
Sjå heile intervjuet med Frida Natland: