Eigil Møller har arbeidd på Karrieresenteret i Tromsø sidan 2019. Han er oppteken av at det er karriererettleiing, og ikkje rådgjeving, han tilbyr.
– Ein viktig grunn til at eg trivst så godt i jobben, er at eg er glad i å møte menneske og det å arbeide med endring og folk som er i rørsle. Inntrykket er at fleire opplever meir meistring og ser fleire moglegheiter når dei går ut av døra, enn då dei kom inn til rettleingssamtale, og det er motiverande, seier Møller.
– Kan du fortelje litt om arbeidsoppgåvene dine?
– I Karriere Troms driv vi med rettleiing éin til éin, frå 19 år og oppover, slik som alle karrieresenter gjer. I tillegg arbeider eg med kompetanseheving. Eg er stolt over at vi har fått på plass ein heilskapleg og livslang karrierestrategi for fylket vårt, som vart vedteken før jul.
Troms er det første fylket som har ein heilskapleg karrierestrategi, og Møller arbeider no mykje med å setje i verk strategien. Spesielt innan karriererettleiing i skulen, der dei mellom anna arbeider for implementering av kvalitetsrammeverket med fokus på kompetansestandardane i skulen.
– I tillegg jobbar vi med overgangsarbeid knytt til elever og lærlingar. Eg har mykje samarbeid med Nav, der det òg handlar om at dei skal ta i bruk kvalitetsrammeverket. I tillegg held eg ein del kurs, mellom anna sertifiserer eg fagfolk i karriereprogrammet «Ressurser og valg».
– Kven er den typiske vegsøkjaren?
– Det som er så fint med jobben min, er at det er så mange ulike og flotte menneskemøte. Det er stor skilnad på alder, situasjon og kva dei vil snakke om. Du møter heile folket, og det gjer at eg plar å seie eg har draumejobben, seier Møller.
Noko han synest går att blant dei han rettleier, er at dei ofte ikkje er klare over ressursane dei faktisk har.
– Dei kan til dømes seie: «Eg har berre jobba i butikk», eller «eg har berre gjort dette». Når vi byrjar å kartleggje erfaringane deira og skriv dei opp, vert det fleire ting. Då seier dei ofte: «Oi, eg har jo gjort ganske mykje, men har berre ikkje tenkt på det.» Det fører til at mange går ut med meir tru på seg sjølve og ei oppleving av at det ikkje er for seint å studere, eller gjere noko heilt nytt.
– Korleis har karrierereisa di vore?
– Frå ung alder har eg arbeidd innan hotell og reiseliv. Eg har mellom anna studert ved Norsk hotellhøgskole, som no er ein del av Universitetet i Stavanger, med personale som fordjuping.
Han har hatt fleire jobbar innan sal og service, og har òg vore leiar i mange år.
– Av jobberfaringa mi vil eg særleg trekkje fram dei ti åra eg var leiar i Hurtigruten og arbeidde med sal. Det var ei fin tid med mykje læring, men det var òg krevjande mot slutten – mellom anna med omorganisering og outsourcing.
– Kva gjorde at du fekk lyst til å arbeide som karriererettleiar?
– Eg byrja etter kvart å sjå at eg likte å arbeide med menneske og endring. Ved sida av jobb heldt eg på med studium i rettleiing og coaching, og i 2015 tok eg eit aktivt val om at eg ville bli karriererettleiar.
Noko av det første han gjorde, var å halde eit jobbsøkjarkurs for ei arbeids- og inkluderingsverksemd i Oslo.
– Sidan då har eg halde fleire kurs, og òg arbeidd individuelt som karriererettleiar. Eg har no vore i Karriere Troms i sju år.
– Kan du nemne eit fagleg høgdepunkt?
– Då eg var ny i Karriere Troms, la eg merke til at det var som om fleire av kollegaene hadde noko som eg ikkje klarte å sette fingeren på, men det handla om kommunikasjon mellom menneske. Eg vart nysgjerrig, og fann ut at dei hadde studert gestaltterapi. Eg byrja å lese om det, og tok sjølv utdanning i gestaltcoaching frå 2022 til 2024.
Det har gjeve han mange nye perspektiv og metodar – mellom anna eit medvit om kor viktig det er å leggje merke til det ein kjenner i kroppen, og ikkje berre det ein tenkjer.
– Det handlar om relasjonskompetanse og medvit i møte med andre. Det har vore eit fint supplement til utdanninga og erfaringa eg har frå før.
– Har du ei inspirasjonskjelde?
– Arbeidet med kvalitetsrammeverket har vore veldig inspirerande. Eg var med i prosessen då kvalitetslaboratoriet var på teiknebrettet, saman med mange andre rettleiarar. Det var ein veldig god prosess, der vi fekk bidra med idéar og forslag til korleis det skulle formidlast. Då kom vi mellom anna fram til at det er ein god idé å lage filmar.
Møller er ein av rettleiarane du kan møte i Rettleiingsrommet Vaksne, der han rettleier vegsøkjaren Andreas.
– Korleis ser du på utviklinga i karriererettleiingsfeltet?
– Det har vore ei enorm utvikling, og det har gått fort. Eg set pris på at HK-dir har teke med praktikarar i utviklinga. Eg opplever at dei lyttar og legg til rette for at verktøy og metodar skal brukast.
Ei utfordring han trekkjer fram, er KI og kva det vil komme til å bety for feltet. Ei anna er ulik omgrepsbruk.
– Vi snakkar om karriererettleiing, medan skulen brukar «rådgjeving». Spørsmålet er om vi legg det same i omgrepa. Det kan vere litt forvirrande.
– Eg brenn òg for betre synleggjering av karriererettleiingssentra. Mange kjenner framleis ikkje til tilbodet vårt. Kanskje burde vi setje i gang med ei felles marknadsføring.
– Har de prøvd noko nytt i det siste?
– Vi har, som eg har nemnt tidlegare, fått på plass ein karrierestrategi, som eg er veldig stolt av. Den tydeleggjer at vi skal arbeide med både individ og system. Vi skal vere eit ressurssenter for fagfolk, og samarbeide mellom anna med universitet, skule og Nav. Saman med Universitetet i Tromsø har vi et pilotprosjekt gåande, retta mot postdoktorar og stipendiatar.
Han fortel at dei også har laga to filmar der vegsøkjarar fortel korleis det var å kome til rettleiing. Den eine handlar om bytte av jobb, og den andre om val av studie. I tillegg samarbeider Karriere Troms med Forsvaret, og tilbyr karriererettleiing til soldatar og tilsette i nord og veteranar i heile landet.