Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Moglege identitetar: Å sjå seg sjølv i framtida

Ei undersøking av moglege identitetar har som mål å gi vegsøkjarar ei tydeleg, levande og ekte førestilling av framtida deira. Dette vil bidra til at dei finn fram til karrieremål og arbeider hardare for å nå dei.
Portrettbilde Julia Yates
Julia Yates, Forsker og ansvarlig for et mastergradsprogram i karriere-coaching ved University of East London
Opprettet 15. mars 2017, oppdatert 20. mars 2017

Vegsøkjarane våre ber oss om råd av mange ulike grunnar. Nokre gonger er dei usikre på kva veg dei skal velje, og andre gonger veit dei det, men er usikre på korleis dei skal komme seg dit. Kanskje kjenner dei seg ikkje sjølvsikre nok eller motiverte nok til å ta spranget.

Som karriererettleiarar må vi ha ei rekkje verktøy å velje mellom, slik at vi kan sikre at alle karrieresamtalar blir så nyttige som mogleg. Alle har vi nokre favorittverktøy og teknikkar vi synest fungerer godt, men det er alltid spennande med nye idear.

Eit verktøy som ser ut til å gi lovande resultat, er det å arbeide med moglege identitetar hos vegsøkjaren. Dette er ein ny idé på feltet, men dei første resultata viser at denne øvinga kan hjelpe vegsøkjarane til å finne og avklare karrieremåla sine, tenkje ut kva dei må gjere vidare, og motivere seg sjølve til å ikkje gi opp. Og det ser ut til at rettleiarane og vegsøkjarane synest øvinga er både enkel og artig.

Kva er ein mogleg identitet?

Moglege identitetar er førestillingar av «meg i framtida». Dette er altså oppfatningar vi kan skape av oss sjølve i ulike situasjonar framover i tid. Vi kan ha mange slike samtidig. Det kan vere snakk om versjonar av oss sjølve som vi forventar, håpar på eller fryktar, og dei kan vere både realistiske og fantasifulle.

Ein mogleg identitet bør vere både visuell og forteljande – vegsøkjaren bør prøve å sjå seg sjølv i framtida, for så å omsetje dette biletet i ord og fortelje det som ei historie. Denne moglege identiteten må stemme overeins med sjølvbiletet til personen – han eller ho må kunne sjå dette som ei truverdig utgåve av seg sjølv. Den framtidige identiteten må i tillegg vere «allereie opplevd». Det vil seie at han må verke så levande som mogleg under visualiseringa, slik at personen nesten opplever at han eller ho allereie er den framtidige utgåva av seg sjølv.

Kva viser forskinga om dette verktøyet?

Det har vore skrive ein del om moglege identitetar i fleire samanhengar. Herminia Ibarra var tidleg ute med dette innanfor karriererettleiing og føreslo ei praktisk tilnærming der ein brukar moglege identitetar for å hjelpe folk som står overfor karriereval midt i livet. Ho føreslår at folk som vurderer endring, bør sjekke korleis den nye identiteten deira passar før dei får seg ein ny karriere.  Men ei undersøking av moglege identitetar kan også vere nyttig på eit tidlegare stadium, nemleg når folk skal finne ut kva dei vil bli.

Forsking frå Storbritannia viser at arbeid med moglege identitetar har hjelpt unge med å finne ut kva framtid dei vil ha, kva dei må gjere for å komme dit, og korleis dei kan halde på motivasjonen sin.

Kva slags teoriar ligg bak?

Så langt er alt vel: Ei undersøking av moglege identitetar har som mål å gi nokon ei tydeleg, levande og ekte førestilling av framtida deira. Dette vil bidra til at dei finn fram til karrieremål og arbeider hardare for å nå dei. Men som forskingsbevisste karriererettleiarar er det viktig at vi forstår det vi gjer, og kvifor det fungerer. Derfor skal vi sjå litt på korleis dette verktøyet fungerer.

For det første vil det bidra til at vegsøkjaren set seg mål. Ein mogleg identitet lèt han eller ho sjå samanhengen mellom hypotetiske hendingar i framtida og mål i notida. Ei vag oppfatning av at legeyrket kan vere ein god plan for framtida, blir personleg og truverdig, og gjerne spennande og realistisk, når personen ser seg sjølv i rolla som lege.

For det andre gjer undersøkingane til at vegsøkjaren kan tenkje over framtida si på eit visuelt og verbalt plan – dei må sjå føre seg ein framtidig identitet og fortelje historia si. Begge delar har ein verdi. Det å setje ord på førestillingar har vist seg å vere eit godt verktøy for å tenkje klart. Tanken på «det framtidige deg» begynner gjerne som noko uklart og uformeleg, men når du må skildre det for ein annan person, vil biletet bli skarpare etter kvart. Det er orda som klarnar tankane, men krafta ligg i biletet ein ser føre seg.

Visualisering har vist seg å smitte over på kognitive prosessar i det underbevisste. Dermed kan eit klart og levande bilete oppstå inne i deg og gjere deg motivert til å halde fram, utan at du eingong veit om det. Til slutt kan vi nemne at kjenslene våre kan bli styrkte når vi legg vekt på ei positiv framtid. Når vi brukar litt tid på å tenkje over kor godt livet vårt kan bli i framtida, held vi oss flytande, og vi får meir optimisme og håp.

Praktisk bruk

No håpar eg du deler noko av entusiasmen min for ideen om moglege identitetar. Men la oss komme skikkeleg i gang! Det er ulike måtar å arbeide med moglege identitetar på. Her skal eg forklare korleis eg legg opp øvingane mine, men eg rår deg til å gjere din eigen vri: Leik deg med det, og finn ut kva som fungerer best for deg og vegsøkjarane dine.

Økta mi har fire delar:

Del 1: Finn fram til fleire moglege identitetar

Det første du må gjere, er å be vegsøkjaren om å leite fram ein del moglege identitetar. Eg prøver å få han eller ho til å tenkje breitt her – innanfor både arbeid og privatliv, realisme og fantasi. Det kan vere nyttig å invitere vegsøkjaren til å leike seg litt med denne oppgåva. Nokre gonger er vegsøkjaren så oppslukt av realitetane i livet at han eller ho berre ser hindringar. Når vi oppmodar om å la tankane svive, kan vi få personen forbi «ja men»-steget. Forslaget om å «leike seg litt» lèt personen gå inn i «barneegoet» sitt, og då kan det oppstå uventa kreativitet.

Eg ber vanlegvis personen om å prøve å finne fram til rundt seks ulike framtidige identitetar. Nokre synest dette er ein enkel og grei prosess, medan andre slit med å finne fram til meir enn éin. Ofte er det dei som synest det er vanskeleg, som kan ha mest utbyte av øvinga.

Del 2: Sjå føre deg ein mogleg identitet

Neste steg er å be vegsøkjaren om å velje éin av dei moglege identitetane (den dei gjerne vil utforske i djupna). Deretter ber eg han eller ho om å lukke auga og skape seg eit bilete av denne framtidige identiteten for sitt indre auge. Når personen har gjort dette, ber eg han eller ho om å skildre dette biletet ved å bruke så mange detaljar som mogleg. Eg stiller opne spørsmål, eg ber personen om å prate, og eg stiller spørsmål når det trengst fleire detaljar.

Deretter stiller eg personen eit sett spørsmål som er utforma for å få han eller ho til å byggje opp, utforske og utkrystallisere alle sider ved denne framtida. Nedanfor finn du nokre av spørsmåla eg ofte stiller, men eg baserer samtalen på kommentarane til vegsøkjaren, eller på andre ting eg veit om verdiane hans eller hennar.

Del 3: Tid for handling

Når eg føler at vi er ved vegs ende, ber eg personen om å opne auga sine. I denne augeblinken er han eller ho halvvegs i framtida og halvvegs i notida, og det er akkurat dette personen kan få nytte av når vedkommande skal lage ein handlingsplan. Eg spør kva som er det første han eller ho må gjere for å kunne ta fatt på vegen mot denne moglege framtidige identiteten, og eg oppmodar personen om å tenkje så spesifikt som mogleg, slik at handlinga omfattar nøyaktig kva personen må gjere, når han eller ho skal gjere det, og korleis han eller ho kan komme forbi eventuelle hindringar.

Del 4: Kva kan vi lære?

Nokre gonger vil ikkje visualiseringa utan vidare leie fram til eit framtidig mål. Det kan vere at utfallet blir at personen ikkje ønskjer seg den aktuelle framtida, eller det kan vere at han eller ho valde seg ein noko fantasifull identitet, og då er det ikkje nødvendigvis fruktbart å gå vidare til ein handlingsplan. I slike tilfelle kan visualiseringa setje i gang ein samtale om kva personen har lært om seg sjølv i prosessen – kanskje litt om kva som er viktig for han eller henne, eller kva faktorar personen innser at han eller ho må ha med seg inn i framtida. Denne diskusjonen kan vere nyttig også når vegsøkjaren har funne seg eit framtidig mål. Ein diskusjon om kva han eller ho spesielt vart merksam på i prosessen, kan betre læringa og gi vidare motivasjon til å setje planen ut i livet.

Konklusjon

Både teori, forsking og erfaringar viser at det er verdifullt å utforske moglege identitetar saman med vegsøkjaren. Dette verktøyet ser ut til å vere nyttig for å finne fram til karrieremål og setje dei ut i livet. Samtidig er dette berre éin av fleire moglege teknikkar, og det vil nok vere slik at nokre rettleiarar synest han fungerer godt, og andre ikkje. Vi treng meir forsking for å finne ut akkurat kva som er dei mest effektive framgangsmåtane, men metoden verkar lovande, og han ser ut til å vere eit verdifullt tilskot til verktøykassen vår.

Julia Yates har òg eit arbeidsark som kan nyttast i rettleiinga:

Moglege identitetar trefigur.pdf

Vidare lesing

Dunkel, C., & Kerpelman, J. (2006). Possible selves: Theory, research and applications. Nova Publishers.

Ibarra, H. (2013). Working identity: Unconventional strategies for reinventing your career. Harvard Business Press.

Ibarra, H. (2005). Identity transitions: possible selves, liminality and the dynamics of career change. In Working paper no. 31/OB, INSEAD.

Markus, H., & Nurius, P. (1986). Possible selves. American psychologist, 41(9), 954.

Plimmer, G. and Schmidt, A. (2007). Possible selves and career transition: It’s who you want to be, not what you want to do. New Directions for Adult and Continuing Education 114, 61–74.

Rossiter, M. (2007). Possible selves: An adult education perspective. New directions for adult and continuing education, 2007(114), 5–15.

Strauss, K., Griffin, M. A., & Parker, S. K. (2012). Future work selves: how salient hoped-for identities motivate proactive career behaviors. Journal of Applied Psychology, 97(3), 580.

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Julia Yates holder et foredrag
    Bilde fra foredraget Julia Yates holdt i Oslo høsten 2016.
    Sigve Nedredal