Kvar er kjønnsperspektivet?

Article tema
Kvar er kjønnsperspektivet?

- Kjønnsperspektivet i utdannings- og yrkesrettleiinga er nesten heilt fråverande, meiner forskar Inga H. Andreassen.

- Tradisjonen i rettleiinga er å støtte ønska til elevane framfor å utfordre og opne opp for nye perspektiv, seier Inga H. Andreassen

Andreassen jobbar som fagansvarleg for rådgivarutdanninga ved Høgskolen i Bergen. Ho er òg cand.polit. og førstelektor.

- Dette er eit verkeleg stort problem. Målet er jo ikkje at det skal vere like mange kvinner og menn i alle yrke. Men haldningane til rådgivarane er med på å hindre ei ønskt utvikling i samfunnet om større deltaking av begge kjønn innan ulike utdanningar, yrke og arbeidsplassar. Vi treng menn som sjukepleiarar og førskolelærarar, og vi treng kvinner i mannsdominerte yrke. Alle bidrar med ressursar på kvar sin måte, og det er ein styrke for samfunnet.

Haldningsendring

Andreassen meiner rådgivarane på skolane må ta på seg ei mykje meir aktiv rolle.

- Dei bør både utfordre og provosere elevane, for å få dei til å opne opp for fleire valmoglegheiter. Rådgivarane skal ta vare på elevane. Men dette fokuset aleine blir for snevert. I tillegg til å hjelpe elevane med problema dei presenterer, må rådgivarane også opne nye dører. For å vise at det finst fleire moglegheiter som er verdt å utforske.

Ein del rådgivarar meiner også kjønns- og likestillingsperspektivet ikkje høyrer heime i rettleiinga. Dei meiner rettleiinga skal vere nøytral og at likestillingsperspektivet ikkje er det. Derfor blir ikkje dette eit tema i samtalane med elevane, seier Andreassen.

Målretta jobbing

Det er viktig å jobbe systematisk på skolane med dette, meiner Andreassen.

- Mange gode idear dukkar opp for å halde fokuset oppe. Ofte er det eldsjeler som står bak. Men etter ei tid stoppar det opp, fordi tiltaka ikkje er ein integrert del av skolen sitt arbeid. Eg trur det viktigaste er å ikkje gape for stort. Begynn på noko, sørg for kontinuitet og utvikle det etter kvart, seier ho.

- Vi ser også at når departementet har gitt pengar til eit likestillingsprosjekt, så har det ført til gode resultat i ein periode. Men når prosjektet er over og fokuset borte, så blir det liggande.

Det er ofte ikkje så mykje som skal til for å opne auga til elevane, meiner Andreassen.

- Effekten av å bruke forbilde er sterk. Berre det å sjå at ein kvinneleg bilmekanikar eller elektrikar presentere sitt yrke, vil få mange unge til å tenke utradisjonelt.

Andreassen meiner også det kan vere verdt å prøve eit opplegg som har vore vellukka i Sverige.

- Fleire svenske skolar har ein utprøvingsperiode, der elevar skal ut og prøve seg i yrke dei i utgangspunktet ikkje kan tenke seg. Då får dei erfart kva dette yrket er, slik at det ikkje bare blir ord frå oss vaksne. Det har opna auga for mange. Enten fordi dette var noko anna enn dei trudde, eller fordi dei får bekrefta det dei trudde. Men då bygger det på deira eigne erfaringar og ikkje på andre sine ord og meiningar. Det er sjeldan det blir gjort noko sånt her heime, seier ho.

Mange sviktar

Det er for enkelt å gi skolane og rådgivarane aleine skulda for at likestillingsfokuset er fråverande i utdannings- og yrkesrettleiinga, meiner Andreassen.

- Rapporten vi nyleg fekk om status på likestillingsplanen frå 2008, viser at lite har skjedd. Yrkes- og utdanningsrettleiinga var eit viktig satsingsområde, men verken rådgivarar, skolar, direktorat, departement eller politikarar har følgt opp mål og ambisjonar med tiltak.

- Rådgivarane er viktige, men kan ikkje løyse dette åleine.  Når elevane kjem til rådgivarane, går dei i 9. og 10. klasse, og då har det allereie festa seg eit bilde av yrke i høve til kjønn. Vi må begynne i barnehagen og på barneskolen, og dette må vere ein integrert del av opplæringa dei får. Allereie der må vi utfordre og få barna til å sjå nyansar mellom kjønn og yrke.

Utdanning

Det er også viktig at dette fokuset får ein naturleg plass i utdanninga av lærarar, meiner Andreassen.

- Eg har stor tru på utdanning for å komme vidare. Men i allmennlærarutdanninga, som er ein viktig arena for å ta opp desse spørsmåla, så er dette perspektivet nærast usynleg. Ein snakkar veldig lite om kjønn.

Situasjonen i Noreg er nokså lik dei landa vi samanliknar oss med, meiner Andreassen. Vi er verken betre eller verre enn andre. Det er også interessante tendensar i andre land.

- I Italia er det nå fleire mannlege sjukepleiarar enn i Noreg. Desse mennene realiserer interessa si for omsorgsarbeid, samtidig som dei opplever at det gir dei status. Kvifor det har blitt slik, er ikkje så godt å seie.

Likestillingsdebatten

Andreassen trur at mykje av årsaka til lite fokus på kjønn og likestilling i rådgivinga er at mange rådgivarar også har gjort seg ferdige med likestillingsdebatten.

- Eg ser det også på studentane mine. Når eg snakkar om likestillingsperspektivet, krympar dei seg litt. For dette er jo ein diskusjon dei meiner vi for lengst er ferdige med. Likestillinga i Noreg er på plass. Men når dei får sjå fakta som viser at kjønnsfordelinga framleis er skeiv, så meiner dei at skolen har viktigare oppgåver, og at dette er noko andre grupper, som til dømes foreldra, må ta ansvaret for.

Også ei dansk undersøking viser mykje av det same. Berre ti prosent av rådgivarane seier dei brukte likestillingsarbeidet som ein aktiv strategi for å påverke elevane og samfunnsutviklinga. Eg trur akkurat det same er tilfelle i Noreg.

Endringar

Det har skjedd nokre positive endringar gjennom dei siste åra, seier Andreassen. Som at jenter i større grad tar over enkelte høgstatusyrke som tidlegare var tradisjonelle guteutdanningar. Andreassen ser også ein annan tendens ved utviklinga.

- Gutane ser ikkje ut til å følge etter inn i tradisjonelle kvinneyrke. Og då får vi enda ei skeiv fordeling.

Handling viktigast

Andreassen meiner det store bildet har vore ganske uforandra dei siste 10–15 åra. Samtidig har ein snakka mykje på alle moglege nivå og sendt ut mange planar om korleis komme seg vidare.

- Det er viktig at vi framleis snakkar om kvifor dette fokuset er viktig. Men utan at orda blir gjorde om til konkrete tiltak, og tiltaka blir sett i system, kjem vi ingen veg.

Bilde
Portrett av Inga Andreassen
Bildetekst
Privat

Handlingsplan for likestilling

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008-2010 var eit resultat av eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.