Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

- Ikkje la mor ringe for deg!

Opplæringskontoret gir råd om kva han som er på jakt etter læreplass bør tenke på – og kva han må styre unna.
Ragnhild Daae Bekkevoll
Redaksjonen, Veilederforum
Opprettet 28. august 2013, oppdatert 9. mars 2015

Namn: Lisbeth Gamst
Stilling: Dagleg leiar for Opplæringskontoret for frisørfag i nord. Tilsett sidan 2006 og jobbar med omkring 50 lærlingar kvart år.

Lisbeth Gamst svarer på spørsmål som veisøkeren ofte har om læreplass:

Korleis går eg fram for å få læreplass?

- Du må gjere deg attraktiv i løpet av skulegongen. Alle bransjar er ute etter dei best kvalifiserte lærlingane. Her er tre tips:

  • Lite fråvær er viktig. Viss fråværet ditt er middels eller stort, vil det ikkje hjelpe å gøyme det bort. Fortell heller kvifor fråværet ditt er som det er.
  • Vis dei rette haldningane. Det vil seie at du er aktiv, interessert og viser initiativ. Vis at du forstår at ingenting kjem gratis. Ekstrajobb og sommerjobb er eit pluss, då veit eg at du kjenner til reglane i arbeidslivet. Og ikkje kom for seint!
  • Øving gjer meister! Om du har gjort noko ein gong, er du ingen ekspert. Ver litt audmjuk og ver innstilt på at du må trene for å bli god.

Kvifor får eg ikkje læreplass?

- Det kan vere at det er oppretta for mange elevplassar samanlikna med antall læreplassar. Opplæringskontora har kontaktar over heile landet, og vi prøver å hjelpe så godt vi kan. Det kan bety at du må flytte på deg. Ein annan årsak kan vere at du har gjort deg sjølv ukvalifisert gjennom skulegongen. Det er ikkje bra om du har mykje fråvær eller ofte kjem for seint. Svake karakterar er heller ikkje bra, kanskje har du ikkje vore aktiv nok? Hugs at du skal ut i eit praktisk yrke. Då er karakteren i kroppsøving kanskje viktigare enn du trur. Sjefen må ha ein arbeidstakar som kan stå på beina ein heil dag.

Korleis kan eg auke mine sjansar for å få læreplass?

- Du kan bruke faget prosjekt til fordypning. Du har høve til å vere i praksis og lære arbeidslivet å kjenne. Finn deg ei bedrift, aller helst ei som òg er lærebedrift. Selg deg og vis kva du er god for. Om sjefen er nøgd og ikkje hadde tenkt å ta inn lærling, kan det hende han eller ho gjer det likevel!

Kva er den mest vanlege feilen mange elevar gjer?

- Dei får mamma til å ringe og spørre om plass. Eller tante eller bestemor. Er det eit familiemedlem som ring, kan du vere sikker på at din søknad blir lagt nederst i bunken. Ring sjølv, det spelar inga rolle om du er nervøs. Det viser uansett at du har guts.

Kva for nokre alternativ har eg dersom eg ikkje får læreplass?

- Det varierer frå fylke til fylke. Eg brukar å seie at du må vere litt tolmodig, det kan plutselig åpne seg ein moglegheit. Dersom det er mange som står utan læreplass, kan det vere at fylket tilbyr Vg3 i skule i nokre fag. Då har du moglegheit til å få styrka fagkompetansen og få fagbrev likevel.

Kva ventar meg på arbeidsplassen?

- Du møter verkeligheita frå dag ein. Det er ein stor overgang å komme frå skule til bedrift. Sjokket blir litt mindre om du har erfaring frå andre arbeidsplassar eller frå arbeidspraksis i Prosjekt til fordypning. Med Prosjekt til fordypning har du dessutan betre moglegheit for å vite om du har hamna på rett hylle. Om du ikkje fann deg til rette, har du moglegheit for å gjere omvalg.

I bedrifta er det mykje nytt og spennende du skal lære, både når det gjeld faget ditt og om bedriftskultur. Ingen dagar er like, og det stilles andre krav til deg her. Det kan vere vanskeleg for mange å takle alle forventningane. Men du kjem langt med å  vise interesse og vere aktiv. Du skal lære deg å vere ein medarbeidar og du skal dokumentere opplæringa di. Tenk gjennom utfordringane på førehand. Hugs at det er eit skilje mellom den du er og kva du gjer. Det er ein grunn til at læretida er to år. Om du gjer noko feil er ikkje det akkurat det verste som kan skje.

Kva blir flest lærlingar overraska over?

- Det er stor forskjell på ein lærar og ein sjef. Mange blir for eksempel overraska over dei strenge krava til oppmøte og deltaking. Det er også mange som ikkje har venta at dei må dokumentere opplæringa si. Nokre blir utolmodige; dei trudde ikkje at det tok så lang tid å lære seg det dei skulle jobbe med.

Kva skjer dersom eg bryt lærekontrakten?

- Lærekontraktar kan bli heva ved brot på opplæringslova, arbeidsmiljølova eller arbeidreglementet. Det vanlegaste er ureglementert fråvær, mangel på dokumentasjon eller kurs som ikkje blir fullførte. Kort sagt, at lærlingen ikkje gjer det han eller ho skal gjere. Bedrifter aksepterer ikkje dette.

Vi gjer forsøk på å mekle når noko er vanskeleg. Lærlingen får skriftlige advarslar. Om ikkje tidsfristane i advarslane blir følgt opp, blir kontrakten heva. Då står lærlingen åleine og må finne seg ein ny læreplass på eiga hand.

Av og til  stemmer ikkje kjemien.  Då vil vi hjelpe lærlingen med å finne ein ny læreplass.

Kva er dine tre beste råd for å få læreplass?

  • Bruk skuletida godt. Det er viktig å vere ein aktiv og interessert elev.
  • Skaff deg praksisplass! Bruk Prosjekt til fordypning, og prøv gjerne fleire arbeidsplasser. Du har ein unik moglegheit til å vise deg fram. Dette er den beste jobbsøknaden!
  • Gjer deg attraktiv og kvalifisert! Om du har dei rette haldningane, kan bedrifta lettare lære deg alt som har med faget å gjere.

Kvifor er yrkesfag eit godt val?

- Du får ei utdanning med lønn. Dessutan vil det i framtida vere stort behov for din kompetanse. Næringslivet og bedriftene treng folk med faglig bakgrunn. Å ha fagbrev i botn gir deg uendeleg moglegheiter om du vil gå videre til høgare utdanning. Berekningar viser at behovet for arbeidstakarar innan yrkesfag vil auke fram mot 2030. Det gjeld i alle bransjar, og du kan velje mellom mange spennende yrke.

Ei historie til inspirasjon?

- Eg hadde ein gong ein lærling med ADHD. Det kan faktisk vere ein flott diagnose å ha. Dette var ikkje ein lærling som sat seg på bakrommet og skulle ha pause, ho jobba som berre det. Det vanskeligste for ho var den skriftlige dokumentasjonen. Vi gjorde ein spesialavtale om at ho skulle få øve seg på det skriftlige og at mykje av dokumentasjonen undervegs blei formidla munnleg.

Den første dagen med sveineprøve består av skriftleg dokumentasjon. Vi gjorde derfor ein avtale med sveineprøvenemda om at lærlingen skulle få ta ekstra pausar og dokumentere munnleg ved behov. Jenta var veldig nervøs på førehand og litt engsteleg for korleis det skulle gå med skrivinga.

Etter at ho var ferdig viste det seg at alt hadde gått på skinner. Ho hadde ikkje behov for tilrettelegging i det heile tatt, og ho fekk attpåtil beste karakter. Eg synest denne historia er eit godt eksempel på kor viktig det er å ikkje skjule utfordringar du slit med. Det viser òg kor viktig det er med samarbeid!

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • "Ikkje la mor ringe for deg", er tipset frå Lisbeth Gamst.
    Ragnhild Daae Bekkevoll All rights reserved.

Relaterte artikler