Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Om kvinner og menn i utdanning og arbeidsliv

Gutar og jenter vel ulike retningar i videregåande skole og i høgare utdanning. Lær meir om kvinner og menn si deltaking i utdanning, samfunns- og arbeidsliv.
Høgskolen i Lillehammer
På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet
Opprettet 11. november 2013, oppdatert 19. desember 2014

Barn og unge følger ofte foreldra i val av utdanning og yrke, både bevisst og ubevisst. Som vaksen kan ein påverke ved å uttrykke haldningar knytt til utdanningsløp og yrke, eller til kjønn og karriere. Enten du er føresett eller rådgivar, kan du gjere ein innsats for å få unge til å reflektere meir aktivt over moglegheitene dei faktisk har. På vegen kan det vere greitt med nokre fakta:

Visste du for eksempel at gutar og jenter har omtrent lik haldning til likestilling; begge vurderer yrkeskarriere som vesentleg i livet. Dei har begge ideal om likestilling. Tidlegare var norma at mannen stod fram som eineforsørgar i familien, men i dag er dette bildet i endring, ein går frå eineforsørgarfamilien til to-forsørgarfamilien.

Likevel vel jenter og gutar til dels ulike retningar i vidaregåande skole og i høgare utdanning, noko som blir spegla i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden vi har her til lands. 

Arbeidsliv

Fram til 1960-talet var det så å seie legitimt å behandle kvinner og menn forskjellig i arbeidslivet. Yrkesdeltakinga til kvinner har i stor grad vore styrt av konjunkturar og etterspurnad etter arbeidskraft, både i høve til tal på, og val av bransjar og yrke. I dag har Noreg ein av dei mest kjønnsdelte arbeidsmarknadane i den industrialiserte verda. Likevel deltar kvinnene i arbeidslivet like mykje som menn, men dei arbeider ikkje i same yrke. Dei er heller ikkje likt plasserte i stillingshierarkiet.

Sjå mellom anna NOU 2008:6 Kjønn og lønn

Horisontal og vertikal segregering er omgrep som gjerne blir brukte for å forklare forskjellane i arbeidsmarknaden. Horisontal segregering betyr at kvinner og menn har ulike yrke, og at dei jobbar i ulike bransjar og sektorar. Desse kjønnsskilja er samanfallande med offentleg og privat sektor.

  • Flest kvinner jobbar i det offentlege, i alt 48 % kvinner mot 19 % menn.
  • Delen av menn i offentleg sektor gjekk ned frå 48 % i 1999 til 41 prosent i 2009; mens delen av kvinner økte frå 58 til 61 % i same periode. Dette kan tyde på at det går føre seg ei feminisering av offentleg sektor. Ein del av forskjellane i sektortilhøyring kan tilskrivast utdanningsvala til menn og kvinner (Arnesen, 2010: Åtte år ut i karriereløpet – har mennene løpt fra kvinnene?).
  • Kvinnene dominerer også blant kommunetilsette, der i alt 78 % er kvinner.

Innanfor næringane er det også klare skilje mellom kjønna:

  • Kvinner dominerer innanfor helse og sosial næring, der 82 % av dei tilsette er kvinner.
  • Kvinner dominerer dessutan innanfor undervisning, der 65 % av dei tilsette er kvinner.
  • Menn dominerer bygg- og anleggsbransjen med heile 93 % tilsette.
  • Menn dominerer også oljebransjen med 81 % tilsette.
  • Menn dominerer dessutan jordbruk, industri og bergverk.
  • Flest menn er arbeidsledige – det heng saman med at fleire menn arbeider yrke som er utsette for konjunktursvingingar.
  • Kvinner derimot har oftast arbeidsplassar som er lite påverka av konjunktursvingingar, som helse, undervisning og omsorg.

Vertikal segregering betyr at kvinner og menn hamnar i ulike posisjonar i stillingshierarkiet, også innanfor same yrke. Dette får konsekvensar for kva slags lønn kvinner og menn får, i tillegg til at det verkar inn på fordelinga av makt og innverknad i samfunnet.

Makt og innverknad

  • Det er fleire menn enn kvinner i leiande stillingar; berre ei av tre kvinner er leiarar.
  • Men det er fleire kvinnelege leiarar nå enn før; sidan 2001 har talet på kvinnelege leiarar auka med 7 %.
  • Talet på kvinnelege leiarar varierer også mellom sektorar og bransjar; i offentleg forvaltning er over halvparten av leiarane kvinner, mens privat sektor blir dominert av mannlege leiarar (ca. 75 %).
  • Berre knapt 20 % av toppleiarane, det vil seie administrerande direktør og leiarar av små bedrifter, er kvinner.
  • Noreg ligg på topp i verda når det gjeld kvinneleg representasjon i bedriftsstyre (40 % kvinner). Dette skuldast i hovudsak kvoteringslova knytt til kjønn frå 2003.
  • Også i allmennaksjeselskap, det vil seie aksjeselskap med mange eigarar, utgjer kvinner (styreleiarar, nestleiarar, styremedlemmer) 40 % av styrerepresentantane.

Talet på kvinner på Stortinget og i kommunestyra har auka kraftig sidan slutten av 1960-talet og fram til i dag. Denne situasjonen er felles med dei andre nordiske landa, men ulik andre europeiske land, der talet på kvinner er langt lågare. Av 430 ordførarar er 97 kvinner (2007); det vil seie at 77 % av ordførarane i landet er menn. Likevel har delen kvinnelege ordførarar auka ved nesten kvart val sidan 1990-talet.

Lønnsam utdanning?

Flest kvinner tar høgare utdanning, og dersom trenden held fram, vil vi i framtida få fleire kvinner enn menn med høgare universitets- eller høgskolegrad. Men høg utdanning er ikkje nokon garanti for likestilling i form av likelønn.

Lønnsgapet mellom kvinner og menn med høgare utdanning er høgare enn mellom dei med lågare utdanning. Likevel finst det unntak; ved NTNU viser for eksempel lønnsstatistikk for 2008 at kvinner i professorstilling har gått forbi mannlege kollegaer. Innanfor universitets- og høgskolesektoren er kvinnene framleis i mindretal i dei vitskaplege stillingane, sjølv om det har skjedd ei positiv utvikling over tid. Kvinner utgjer 42 % av postdoktorandane og 35 % av førsteamanuensane, men bare 18 % av professorane.

Fleire tal om kjønn og lønn:

  • Det er flest kvinnelege lærarar, og i skoleverket er det minst lønnsforskjellar mellom kvinner og menn.
  • I grunnskolen er sju av ti lærarar kvinner, og talet på kvinner er aukande.
  • På vidaregåande er i overkant halvparten av lærarane kvinner, og delen har auka også her dei siste åra.

Kvinner og menn vel framleis ulike typar utdanningar, som altså framleis gir ulike lønningar. Kvinner dominerer humanistiske fag, lærarutdanning og helse- og oppvekstfag, mens menn er i fleirtal innanfor økonomi og tekniske fag. Kjønnsforskjellen i utdanningsval er tydelegast innanfor lågare grader av studiar. Stadig fleire kvinner og menn tar ein mastergrad, men aukinga er sterkare blant kvinner enn blant menn.

Når jentene vel yrkesfag, vel dei oftast helse- og oppvekstfag samt design og handverk. Totalt er det likevel flest gutar som vel yrkesfagleg utdanning. Og framleis studerer flest menn realfag, eit samleomgrep som vanlegvis omfattar matematikk, fysikk, kjemi, biologi og teknologi. Ifølge ein studie er 15-årige gutar meir interesserte i «harde tema» som teknologi og romfart, mens jentene føretrekker emne med rom for mystikk, undring og filosofering.

  • Avstanden mellom interessene til jenter og gutar innan naturfag og teknologi aukar med velstandsnivået i land. Jo høgare velstandsnivå, dess større er avstanden mellom interessene til dei to kjønna.

Les artikkelen «Større kjønnsforskjeller i rike land» frå forskning.no

Sjølv om jentene går ut av grunnskolen med minst like gode faglege kunnskapar og ferdigheiter som gutane i naturfag og matematikk, har dei lågare motivasjon og sjølvoppfatning i faga. Dette kan vere ein av fleire grunnar til at dei vel bort desse faga frå høgare utdanning.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

Handlingsplan for likestilling

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008-2010 var eit resultat av eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.