Min veilederhverdag: Marie E. Isdahl

Article tema
Min veilederhverdag: Marie E. Isdahl

Bli kjent med mangfoldet av karriereveiledere i Norge. Veilederforum presenterer en ny veileder hver måned.

Bilde
Navn
Marie E. Isdahl
Tittel
Karriereveileder
Del av stilling brukt til karriereveiledning
100%
Sted
Stord, Hordaland

1. Hvor lenge har du jobbet med karriereveiledning? 

- Eg har arbeida som karriereveiledar i 1.5 år, men har tidlegare arbeida 10 år i NAV og jobba der mykje med karriereveiledning i ulike former.

2. Hva slags utdanning har du? 

Eg er utdanna allmennlærar men har i tillegg utdanning i psykologi, sosialpedagogikk og ledelse.

3. Hva liker du best med å jobbe som karriereveileder?

- Eg syns det er svært motiverande å få hjelpe mennesker til å oppdage styrkane sine og det at dei blir meir bevisste på kven dei er, kva som motiverer dei og at dei gjennom veiledning vert betre kjent med seg sjølv. 

Eg får møte mange mennesker i varierande alder, kjønn, nasjonalitet, utdanningsnivå og med svært ulike bakgrunnar. Det gjer at jobben min vert variert og ingen dagar er like. Det er spennande å møte nye mennesker og å bli kjent med dei og få vere med dei i prosessen det er å komme fram til valg dei må ta i forhold til arbeid og utdanning. 

4. Hva er dine arbeidsoppgaver, og hvordan er fordelingen mellom dem?

- Me er per i dag ein pilot som skal gå ut 2016. Hovudfokuset vårt skal då vere på individuell veiledning. Me har ansvar for 8 kommunar med cirka 65 000 innbyggjarar til saman. Antallet individuelle samtalar har auka gradvis etter kvart som tilbodet er blitt betre kjent.

Me har og kontakt med blant anna NAV, vaksenopplæring, flyktningeteneste, arbeidsgivarar, fagopplæringskontor og rådgjevarar i vidaregåande skule. Dette er viktig samarbeid for å kunne fremje ei heilhetleg karriereveiledning i Noreg.

5. Hva er de største faglige utfordringene i din arbeidshverdag?

- Den største faglige utfordringa er vel kanskje å få til god veiledning der vegsøkjar og eg har lite felles språk. Det å få til gode refleksjonar når me manglar fellesspråk er utfordrande, og det har lett for at veiledninga då kan bli for informativ og rådgivande og at eg blir usikker på kva som vert forstått.

6. Hvordan jobbes det med faglig utvikling innen karriereveiledning i ditt miljø?

- Me har som nemnt noko samarbeid med andre instansar som driv med lignande oppgåver som oss. Eg opplever og at leiinga stiller seg positive dersom eg spør om å få reise på kurs eller konferansar for faglig påfyll. På fylkesnivå samarbeider me tett med senter for yrkesrettleiing og har fleire faglege møtearenaer med dei.

7. Hvilket «verktøy» bruker du oftest i karriereveiledningen?

- Me arbeider etter CIP-modellen som er ein kognitiv informasjonsprosess-modell. Dette er eit verktøy for å strukturere samtalen og sikre at ein kjem inn på viktige tema når ein skal gjere valg.

For å kartlegge interesser, preferansar og andre faktorar som er viktig ved karriereval brukar me Vip24. Det er eit verktøy som består av fem ulike delar. Det er interesser, verdiar, livstil, preferansar og vip24-hjulet. Dette verktøyet gir oss eit godt utgangspunkt for samtalen i etterkant.

8. Hva er du ekstra opptatt av i jobben din for tiden?

- Eg syns det hadde vore spennande å få til eit samarbeid med ungdomsskulane i vårt område innen faget utdanningsval. Det hadde vore spennande å samarbeida med skulen og lærarane i forhold til utvikling av dette faget.

Bilde
Månedens veileder desember

Månedens veileder

Med månedens veileder - min veilederhverdag vil vi gi veilederforums lesere kjennskap til bredden i norsk karriereveiledning og ulike jobber man kan ha i feltet.