Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Monica Volden Sivertsen

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Monica Volden Sivertsen i arbeids- og inkluderingsbedrifta Durapart.
Opprettet 16. november 2018, oppdatert 20. november 2018
Portrettbilde av månadens rettleiar Monica Volden Sivertsen
Navn:
Monica Volden Sivertsen
Tittel:
Leiar Ressurssenter
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
100 prosent
Arbeidssted:
Durapart
Sted:
Arendal, Aust-Agder

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

- Eg starta på karrieresenteret Origo ved NTNU tidleg på 2000-talet, og kom så attende til karriererettleiingsfeltet i 2010.

2. Kva slags utdanning har du?

- Hovudfag i arbeids- og organisasjonspsykologi og rådgiving frå NTNU. Etter det vidareutdanning i karrierelæring, motiverande intervju og kognitiv terapi.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

- Å utforske og skape læringsprosessar som kan vere til nytte i livet til kvar einskild kandidat og i høve til konteksten rundt han eller ho.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

- Leiing og slik sett å leggje til rette for karrierelæring for jobbrettleiarane mine. I tillegg er eg engasjert i Kompetanse Norge si faggruppe for kvalitet i karriererettleiinga.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

- Å gi retning og sette fokus for kvalitet og læringsutbytte i karriererettleiinga og jobbrettleiinga til jobbrettleiarane. Dessutan å utvikla prosessar som gir resultat på den måten at kandidatane kjem i skole og jobb og blir der. Eg brenn for resultat!

6. Korleis jobbast det med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

- Vi jobbar intenst med å utvikle karriererettleiing for kandidatane i arbeids- og inkluderingsbedrifter over heile landet. I tillegg trur eg det tverrsektorielle arbeidet som blir gjort i Kompetanse Norge blir viktig for å samle heile fagfeltet. Det er mange som gir karriererettleiing, og eg trur spennet i kvalitet og innhald er litt for stort. Eg trur det vil ha stor verdi at etikk, kompetanse og kompetanseområde på tvers av dei ulike sektorane innanfor karriererettleiing blir lettare å kjenne att for vegsøkjarar.

7. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

- For meg er målet med karriererettleiing at menneske blir i stand til å forme det livet dei lever, så det blir som dei ynsker. Det viktigaste utbyttet for vegsøkjarar må vere at dei sjølv kan handtere og takla overgangar i sine eigne liv, læring og arbeid. Den profesjonelle karriererettleiaren legg til rette for ei felles utforsking og læring og eg har tru på stor metodefridom, så lenge vi har eit felles fagleg fundament for kva vi skal oppnå. Rammeverket for kvalitet i karriererettleiinga kan bidra til å samle oss og samle fagfeltet på ein solid og stolt måte.

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Logo månadens rettleiar november.
    All rights reserved.

Månadens rettleiar

Med Månadens rettleiar vil vi gi lesarane til Veilederforum kjennskap til breidden i norsk karriererettleiing og ulike jobbar ein kan ha innanfor feltet.

Er du karriererettleiar og har lyst å bidra i denne serien? Send mail til veilederforum@utdanning.no.