Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Bjørn K. Svendsen

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Bjørn Svendsen ved Handelshøgskolen BI.
Opprettet 11. januar 2019, oppdatert 11. januar 2019
Bjørn Svendsen
Navn:
Bjørn K. Svendsen
Tittel:
Karriererettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
100 prosent
Arbeidssted:
Handelshøgskolen BI
Sted:
Oslo, Nydalen

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

– Eg starta med dette tilbake i 2002 og har blitt verande i jobben i mange år, gjennom mange organisatoriske endringar, og viktigast: med stadig nye studentar. For om lag ti år tilbake jobba eg for ei kortare tid innan rekruttering eller «headhunting», før eg vende attende til BI og studentane.

2. Kva slags utdanning har du?

– Eg er så gamal at eg har ein cand.mag., og for meg vart det hovudfokus på statsvitskap. Dette var tilbake i eit anna tusenår, men eg kjenner ofte at fagvala har gitt meg stort og smått som eg nyttar i arbeidskvardagen min. I nyare tid har eg fått nokre fantastiske moglegheiter til å kombinere jobb og spennande deltidsstudiar gjennom å ta ein Master of Management på BI.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

– Eg likar dei mange møta med menneska og synest det er spennande og få bli litt kjend med så mange forskjellige versjonar. På BI har vi også mange studentar frå ulike land, og eg synest det er både interessant og lærerikt å diskutere jobbsøking og karriere med folk med så variert bakgrunn.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

– I tillegg til å ha mange ein-til-ein samtaler om karriere, så held eg forskjellige kurs om jobbsøking og liknande. Eg bruker også ein del av tida mi på å følgje med på trendar og utviklingar innan arbeidslivet og særleg innan rekrutteringsprosessar. Det er viktig for meg å kunne forstå og adressere arbeidsgivars ståstad i samtale med studentane. 

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

– Tja, eg veit ikkje om dette er ei fagleg utfordring, men eg tenker nokre gongar på korleis «dei unge i dag» er.  På eit seminar i utlandet for nokre år sida falt det ein replikk frå ein svært erfaren kollega over ein kaffikopp i ein pause: «We have to keep in mind that every year our students turn one year younger than us.» Og dette er jo heilt sant!  Blant dei viktigaste utfordringane i kvardagen synest eg dette med å sjå og forstå korleis stort og smått endrar seg i takt med generasjonar er viktig. 

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

– Eg er så heldig å ha fleire gode kollegaer som jobbar med mange av dei same tinga som meg. Eg tenker at vi i kvardagen er flinke til å dele og reflektere fagleg med kvarandre. Med jamne mellomrom har vi også møteplassar kor vi treffer andre kollegaer - mest innanfor karrieresenter innan høgre utdanning, og her er det ofte både formelle og uformelle gode faglege påfyll å få.

7. Kva slag inntrykk har du av korleis studentane ved BI førebur seg på arbeidslivet og arbeidsmarknaden?

– Eg synest det er store forskjellar kring dette, både mellom enkeltstudentar og mellom dei forskjellige studiane. Det er heilt klart mange diskusjonar studentane imellom - ofte kring kva som er «smart» og «riktig», og det er ikkje alltid eg er einig. På den andre sida synest eg det er flott at dei diskuterer, og interesserer seg for livet etter studiane. BI i seg sjølv gir nok ganske mange moglegheiter til å få innblikk i arbeidslivet, gjennom varierte konsept og arrangement kor for eksempel tidlegare BI-studentar i Alumni-nettverket møter studentane.   

8. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

– Eg brukar ikkje så mykje «verktøy» slik som eg ser det. Samtalene har nokre gongar valfokus og «vegsøkar sit på alle svara», men andre gongar er det meir aktuelt å aktivt bruke erfaringa mi. Eg forsøker å ha ei bevisst tilnærming og rolleavklaring i dialogane, og eg søker å ha ein slags struktur over samtalen.

9. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

– Eg søker å alltid være «på» og fokusert på utvikling, endringar og korleis dette blant anna påverkar rekrutteringsprosessar. Vi er jo inne i ei tid med heftig teknologisk utvikling, og for meg er det viktig å henge med så godt eg klarar!

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • bilde av Bjørn Svendsen
    foto: Privat All rights reserved.