Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kva treng karriererettleiaren å vite om arbeidsmarknaden i framtida?

Prognosar basert på statistikk står ikkje på eigne bein. Lars Gunnar Lingås reflekterer rundt korleis rettleiaren også må sjå på historia og verda rundt seg.
Lars Gunnar Lingås
Dosent i yrkesetikk og rettleiing ved Høgskolen i Sørøst-Norge
Opprettet 12. februar 2015, oppdatert 12. februar 2016

For alle som driv med karriererettleiing er det viktig å ha kunnskap om kva slags jobbar det er mogleg og truleg å få i framtida. Med kjennskap til framtidas arbeidsmarknad kan du gje god rettleiing i val av utdanning. Du er også rusta for å gje dei som er klare til å søkje jobb innsyn i arbeidsmarknaden. Det er dårleg rettleiing å oversjå det som realistisk byr seg for menneske som vil finne mål og meining med ei utdanning, eller som vil realisere evnene sine etter avslutta utdanning.

Statistikk som ferskvare

Framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er utarbeida på talmateriale om utviklingstrekka innan økonomi og demografi, næringsstruktur, bransjar sine vekst og fall, studietilbod, registrerte kompetansebehov og teknologiske nyvinningar. Sjølv når framskrivingane har eit godt grunnlag som dette, må du hugse at statistikk er ferskvare. Tidene skifter. Mange jobbar som finst i dag blir borte om nokre år – det er noko vi kan rekne med ut frå historiske lærdommar. Vi kan gå ut frå at det dukkar opp jobbar som ikkje finst i dag. Dette veit vi lite om.

SSB understrekar at framskrivingane som dannar grunnlaget for tala og opplysningane i tenesta «Framtidas arbeidsmarknad» er usikre. Når framskrivingane er usikre, blir også opplysningane som skal brukast usikre. Men om framskrivingane blir oppdatert jamt og trutt og rettleiaren brukar tala med omhug, er dette ein god ressurs. Kunnskapen er svært aktuell i karriererettleiing. I reflekterande samtalar kan rettleiar og vegsøkjar bruke denne databanken som ein viktig inngang til å oppdage kva som er realistisk, mogleg og smart.

Nokre vegsøkjarar veit mykje om korleis arbeidsmarknaden ser ut og utviklar seg. Andre veit lite. Ein god rettleiar må bruke tid på å finne ut kor vegsøkjaren står når det gjeld slik kunnskap. Når nysgjerrigheita er der, kan opplysningane vere grunnlag for refleksjonar om kva som er mogleg og kva som er i samsvar med ønskjer og draumar. Dei kan og brukast til å «ta ned» urealistiske prosjekt. Om vegsøkjar berre er opptatt av eigne ønskjer og behov, vil det ofte vere mager interesse for statistikk og store samanhengar. Likevel kan tala komme til nytte som grunnlag for å tenkje framover om moglegheiter og hindringar for å gjere draumar til verkelegheit.

Uansett er det viktig at ikkje tala vert brukt til å knuse ambisjonar. Om det berre er nokre få som kan bli gullsmed eller kystlos, er det trass alt nokon som trengst også til slike yrke. Og alle som drøymer om det, kan ikkje bli profesjonelle fotballspelarar eller filmskodespelarar. Oppdatert kunnskap på makronivå er uansett ein god ressurs for god rettleiing. Tala kan fungere som kontekst for refleksjonane.

Arbeidslivsforståing - ei djupare forståing

Oversynet over utsiktene i bransjar og yrker dei kommande åra er verdifull, nyttig og nødvendig kunnskap. Men ein slik kontant arbeidslivskunnskap er ikkje tilstrekkeleg. Ei endå viktigare forståing for karriererettleiarar er arbeidslivsforståing. I det legg eg ei djupare forståing av tilstanden i arbeidslivet, ei forståing som går bak talfestingar og prognosar. Når karriererettleiaren nyttar «Framtidas arbeidsmarknad» er det ikkje nok å kunne «slå opp» i denne tenesta. Han må og kunne lese desse tala og prognosane kritisk. I tillegg må han analysere dei med tanke på vegsøkjaren sin bakgrunn, evner, interesser, behov og verdiar. Det handlar om noko langt meir enn å finne «rett plass til rett mann eller kvinne». For eksempel handlar rettleiing i denne samanhengen om å

  • gjennomskode vanar, tradisjonar og sosialt press
  • få auge på og ta opp risikoar og uvisse til drøfting
  • avdekkje korleis maktforhold på godt og vondt og på ulike nivå dukkar fram når nokon sta og påståeleg vil hevde kva som let seg gjere
  • utvikle ei god systemforståing for å oppdage andre moglege handlingar enn den individuelle rettleiinga
  • vise korleis maktforhold påverkar den håpefulle vegsøkjaren som skal uttrykkje kva han eller ho ønskjer og kan tenkje seg
  • sjå korleis gode idear kan omsetjast til verkelegheit på tvers av strukturelle føringar

Historisk forståing

Arbeidslivsforståing er noko som ikkje kan utviklast utan at vi tek på oss historiske briller. Korleis har næringsstrukturen endra seg i Noreg gjennom dei siste par hundre åra? Frå å vere ein utarma og fattig småbruks- og fiskerinasjon, sit vi i dag på toppen av verda i rikdom, velstand og stabilitet.

Det er nyttig å sjå på utviklingslinjene i landet vårt: frå fiske, skog- og jordbruks-Norge, til industri og oljeutvinning og vidare til dagens tenestesamfunn. Vi kan og studere samanhengen mellom desse næringane. Ta til dømes den store endringa mot slutten av 1800-talet. Etter Thranitt-rørsla og bondeopprøret kom dyrkbar jord både husmenn og leiglendingar til gode. Samstundes blei ungeflokkane for store for små gardar. Industrialiseringa starta etter oppdaginga av fossekrafta og i kombinasjon med ledig arbeidskraft som søkte seg inn til byane.

Tilsynelatande er dette berre soge og gamle greier. Men det sit faktisk spor av det i dag i form av busettingsmønster, familiekrøniker, klasseskilnader og kommuneøkonomi. Eit hopp hundre år fram fører oss inn i eit Noreg der olje gir land, folk og stat store økonomiske ressursar og endra levekår. Eit Norge der olja er vilkåret for mange og omfattande aktivitetar i helsestell og omsorgstenester, forsking og utdanning, vegutbygging og kultursatsingar. I nyare tid kan ein sjå korleis ting har endra seg innan den norske skipsfarten, vår tidlegare «ære og vår makt». Før gav næringa sysselsetting til mang ein ung gut. Så seint som på 1950-talet var skipsfarten eit vanleg karriereval. I dag er næringa utkonkurrert og eksportert; sysselsettingseffekten er redusert til nokre få norske offiserar med filippinsk mannskap på båtar som seglar under «bekvemmelighetsflagg» med hovudsete i London. Dette kan synest å vere unødvendig kunnskap for ein karriererettleiar, men det kan seie noko viktig når du møter ein «vesle Daniel» som vil ut i verda slik bestefaren gjorde.

Teknologisk forståing

Eit anna par briller handlar om å sjå og forstå den teknologiske utviklinga. Korleis har maskinar og mekanisering endra jordbruk og fiske? Korleis har bilismen vakse fram og endra privatliv og næringsliv når det gjeld mobilitet, reiseveg og transport av varer og tenester? Korleis har datarevolusjonen endra og globalisert kommunikasjonen mellom folk og arbeidsplassar, og ikkje minst påverka produksjonsprosessane?

Eit resultat av dette er at i dag er det mange yrker som legg meir vekt på at arbeidstakarane er «online» enn at dei er «ontime». For å ane korleis dette kan utvikle seg framover, treng ein forståing av både kor stor innverknad dette har på liva våre og kor fort det går. Det er dei færraste yrka som slepp unna eit kompetansekrav når det gjeld ny teknologi.

Demografisk forståing

Storleiken på ulike årskull og høg levealder gjer at Noreg har ei demografisk fordeling med relativt få i yrkesaktiv alder og relativt mange i yrkespassiv alder. Samstundes er mange i såkalla yrkesaktiv alder utanfor arbeidslivet fordi dei er uføre, langtidssjukmeldte eller arbeidslause. Dette gjer at det arbeidslivet vi alle skal leve av blir heldt opp av få. Likevel er næringslivet svært produktivt og sysselsettinga høg samanlikna med andre land.

Vi har svært høg kvinneleg deltaking i arbeidsmarknaden, men samstundes ei kolossal segregering mellom kvinneyrke og mannsyrke. Vi har mange arbeidsinnvandrarar, og desse utgjer ein stor del av arbeidsstyrken i service- og rutineyrka der kompetansekrava er låge. Men mange overser den kompetansen som ligg latent i sjølve mangfaldet og i fleirkulturelle miljø i arbeidslivet. Globalisering og internasjonalisering av næringslivet er krefter vi må rekne med.

Ein karriererettleiar må skjøne dei føringane desse demografiske tilhøva legg på den enkelte. Har vegsøkjar urealistiske draumar om klassereiser og lettvinte vegar til rikdom og lykke? Eller er det eit større problem at vegsøkjar er styrt av stereotypiar? Ein karriererettleiar må òg nytte krafta si til å påverke systemkrefter. Krefter som verkar for utstøyting og mot integrering, og krefter som verkar mot jamstilling og for segregering. Det handlar nemleg ikkje om naturlover; dei let seg påverke.

Makroøkonomisk forståing

Samanhengen mellom sosiale vilkår og arbeidsliv har fått fornya merksemd nokså nyleg etter at den franske økonomen Thomas Piketty leverte sin analyse av «Kapitalen i det 21. århundre». Han syner mellom anna korleis auka sosiale skilnader verkar inn på heile samfunnsøkonomien og dermed på arbeidslivet og utviklinga i dei ulike bransjane i framtida (op.cit. 2014). Både han og andre før han har peika på kor viktig det er å forstå utviklinga i den internasjonale arbeidsdelinga. Dei sosiale skilja kan vi forstå som framveksten av eit A-lag med trygg sysselsetting, høg kompetanse og utfordrande, men normale arbeidsforhold. B-laget derimot er prega av utrygg sysselsetting, låg kompetanse og ekstrem utbytting frå griske arbeidsgjevarar.

Lite av dette let seg kontrollere av nasjonale ansvarlege aktørar, slik vi er vane med i Noreg i samarbeidet mellom fagrørsle, næringslivsorganisasjonar og stat. Overnasjonale selskap produserer gjerne der arbeidskrafta er billegast og fagrørsla svakast. Vegen er lang mellom ei foreldrelaus jente på 18 år i Aust-Asia, som utan utdanning arbeider 12 timar om dagen, og ein norsk elev i vidaregåande skule som siktar mot ein karriere som jurist i fotefara etter far sin.

Nye økonomiar i verda veks fram med rekordfart og kan truge Vesten sin posisjon og vanetru på seg sjølv som verdas navle. Det globale konkurranseperspektivet i samtida vår trugar tryggleiken vi har levd med. Konkurranseideologien pregar mykje av tenkinga om arbeidsplassar i framtida. Derfor må vi forstå denne ideologien i lys av ei realøkonomisk utvikling. Dei reelle verdiane som verdas folk skapar gjennom produksjon av varer og tenester blir ikkje fordelt slik at vi alle kan møte framtida.

Mykje av elendet og dei pessimistiske utsiktene i det globale arbeidslivet har si forklaring i at finanskapitalen står i eit grelt misforhold til realkapitalen. Finanskapitalen er oppblåst som ei boble og kan sprekke kva tid som helst. Korleis vil norsk arbeidsliv utvikle seg i lys av slike makroøkonomiske trekk? Tapt konkurranseevne, utflagging, brutal nedgang i oljeøkonomien, økologiske katastrofar og store klimatiske endringar er noko av det som kan utgjere risiko og utrygge utsikter for arbeidslivet vårt.

Ein karriererettleiar som ikkje er opptatt av slike fareteikn kan lett komme til kort når han møter ei oppvakt 16-årsjente som har lest sin Piketty – om ikkje anna som teikneserie (jau, den fins) – og som vil snakke med nokon om den usikre verda ho skal velje si framtid i.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

Relaterte artikler

Uansett er det viktig at ikkje tala vert brukt til å knuse ambisjonar. Om det berre er nokre få som kan bli gullsmed eller kystlos, er det trass alt nokon som trengst også til slike yrke.

Det er dei færraste yrka som slepp unna eit kompetansekrav når det gjeld ny teknologi.