Norges fyrste skule for fråfallselevar

Article tema
Norges fyrste skule for fråfallselevar

Amalie Stegane (18) og Isaac Naheed (18) droppa ut av vanleg vidaregåande skule. No har dei funne ein skule der dei trivest og aldri skulkar meir.

Skulen sitt motto er «danning gjennom produksjon». Det er meir fokus på generell danning enn at elevane skal lære seg eit spesielt fag.

– No tek eg strekktesten for å sjekke om deigen er godt nok heva, forklarar Amalie Stegane og dreg i ein liten deigklump med begge hender. Den held ikkje. Ho lar deigen stå litt til.

Like bortanfor står Isaac Naheed og surrar lauk og sopp i ei panne. Han har òg kontroll på dei bakte potetane som er i ferd med å verte klare. Lunsjen skal snart serverast.

Ikkje klasserom, men verkstad

Hyssingen produksjonsskule i Bergen, er Norges fyrste skule for elevar som har droppa ut av vidaregåande skule. Ved skulen kan elevane velje mellom tre ulike verkstadar der dei kan arbeide. Skulen sel varer og tenester, og skuledagen liknar meir enn arbeidsplass enn ein skule. Elevane kan gå på Hyssingen i opptil eitt år. Etter det er målet å få dei ut i skule, lærlingplass eller arbeid (sjå fakta).

Både Stegane og Naheed likte seg ikkje i vanleg vidaregåande skule. Dei hadde mykje fråvær og tykte det var for mykje teori på skulen. No har skule vorte noko positivt.

– Heilt fantastisk

– Det er heilt fantastisk å gå her. Eg stortrivest og likar det eg gjer. Eg har motivasjon til å kome meg opp om morgonen, seier Naheed.

– Draumen min er å starte ein eigen restaurant, med indisk mat. Det er jo så godt!

Han gjekk på kokkeline tidlegare, men synast det vart for mykje teori. No har han valt restaurant- og matfag ved Hyssingen. Då får han jobbe og lære ein heil skuledag på kjøkkenet kvar dag. Snart skal skulen òg opne ein eige kafé.

Bra samhald

– Før hadde eg ekstremt mykje fråvær. No har eg ikkje fråvær. Eg synast det er veldig koseleg å gå på denne skulen, lærarane er flinke og ser deg som eit individ. Det er òg eit veldig bra samhald mellom oss elevar, seier Stegane.

Ho har vore i praksis hjå eit bakeri i Bergen og håpar på ein lærlingplass innan bakerifaget.

– Eg har oppdaga at eg har lyst til å bli bakar. Det er utruleg kjekt å bake. Eg likar òg konditorfaget. Å eksperimentere med kakebaking liker eg veldig godt, seier Stegane.

Meistring og sjølvkjensle

Skulen sitt motto er «danning gjennom produksjon». Det er meir fokus på generell danning enn at elevane skal lære seg eit spesielt fag. Sjølv om ein vel mat-verkstad treng ein til dømes ikkje verte kokk eller bakar.

– Det viktigaste elevane skal lære seg her er til dømes å møte til avtalt til, halde avtaler og gje beskjed viss ein kjem for seint. For at vi skal kunne hjelpe dei vidare, må dei tinga der vere på plass, seier dagleg leiar Baste Bruarøy ved Hyssingen produksjonsskule.

Han ser at elevar som kjem til skulen kan ha låg sjølvkjensle, men gjennom å oppleve meistring og godt samarbeid med elevar og lærarar ved produksjonsskulen, vert dei meir trygge.

– Vi har mange fine solskinshistorier. Det er flott å sjå at dei trivest og lærar mykje medan dei er her, seier Bruarøy.

Meir vanleg i Danmark

I Danmark har produksjonsskular eksistert sidan 1970-talet. Der er det i dag over 80 slike skular. Ettersom fråfall i vidaregåande opplæring er eit problem i mange europeiske land, er no ei rekke land i ferd med å bygge opp produksjonsskular. I Noreg er det førebels berre Hyssingen.

– Vi har hatt besøk av mange frå andre fylkeskommunar som ynskjer å sjå korleis vi driver skulen fordi dei har eit ynskje om å byggje opp noko liknande sjølv, seier Bruarøy.

Det er òg ventelister for å få plass ved skulen. Det er oppsøkande teneste hjå fylkeskommunen som bestemmer kven som skal få plass ved skulen.

Skal utvide skulen

Skulen starta opp i januar 2015. I løpet av det første året har kring tretti elevar gått på skulen. Snart skal dei utvide med ytterlegare 15 plasser.

– Så langt ser det ut til at vi skal få minst femti prosent vidare i skule eller jobb. Det er mogleg det verte endå fleire. Det er vi veldig fornøyd med, seier Bruarøy.

Han syner til at statistikken viser at halvparten av dei som droppar ut av vidaregåande, hamnar på langvarig trygd.

– Ikkje berre for elevane, men òg for samfunnet sin del er produksjonsskular svært viktige, seier Bruarøy.

Bilde
Isaac Naheed til venstre og Amalie Stegane ser inn i kameraet
Bildetekst
Amalie Stegane (18) og Isaac Naheed (18) har det kjekt medan dei klargjer lunsjen på storkjøkenet på Hyssingen produksjonsskule.

Fakta Produksjonsskule

Eit tilbod til elevar i alderen 16 til 21 år som droppar ut av vidaregåande skule.

Elevane her har ikkje elevstatus og bruker ikkje opp studieretten sin ved å gå på produksjonsskulen.

Elevane vel kva for verkstad dei ynskjer. Hyssingen har tilbod om kulturverkstad, bygg og anlegg og restaurant- og matfag. Snart kjem det òg designverkstad.

Det er ikkje ein spesialskule. Skulen er til dømes ikkje tilpassa elevar med store psykiske vanskar.

Oppsøkjande teneste i fylkeskommunen søker elevar inn ved skulen.

Ungdommane skal sjølv vere motivert for å byrje ved skulen. Ingen skal tvingast til å byrje.

Ein kan gå på skulen i opptil eitt år.

Målet er at minst halvparten av elevane skal kome seg vidare til skule eller jobb.

Danmark har hatt produksjonsskular sidan 1970 og har i dag over 80 produksjonsskular.