Kreativitet i karriererettleiing

Article tema
Kreativitet i karriererettleiing

Coaching, og element av coaching, er ein mykje brukt metode i karriererettleiing. Coachinga har som mål å skape utvikling og rørsle, og dette kan ofte krevje ei kreativ tilnærming. Men kva er kreativitet, og korleis kan vi stimulere til eit kreativt tankesett gjennom coachande rettleiing?

Eg vil her dele nokre tankar rundt kreativitet og coaching. Tankane spring ut ifrå mi lange erfaring med coachande rettleiing av ungdom, men eg er sjølvsagt også inspirert av og har henta tankar og kompetanse frå andre når det gjeld omgrepet coaching, og eg har derfor teke med nokre forslag til vidare lesing til slutt. 

Nye kombinasjonar

Kreativitet får oss ofte til å tenkje på skapande aktivitetar som musikk, kunst eller andre aktivitetar som handlar om å framstille noko. Ein annan vanleg tanke om kreativitet er at det heng saman med at noko nytt blir til – at vi skaper nye tankar, haldningar eller produkt.

Men kreativitet er ikkje berre det å tenkje eller skape noko nytt. Kreativitet kan også vere å kombinere gamle tankar, idear eller haldningar på ein ny måte. Den kunnskapen og kompetansen vi har teke til oss, blir sett saman på ein ny måte som på eitt eller anna vis blir annleis enn det vi hadde før.

Kreativitet kan også vere det å sjå det som hender frå ein ny synsvinkel, ein annan posisjon eller eit nytt perspektiv. I endringa skjer det noko som fører til at det gamle biletet blir omskapt, eller det kan tre fram eit heilt eller delvis nytt bilete.

Noko anna enn fantasi

Nokre gonger blir kreativitet framstilt som noko triveleg som menneske gjer saman for å ha det bra og kjenne glede. Slik eg ser det, er ikkje kreativitet noko som bare skjer under ei stemning av trivsel og ro, men derimot ofte ein prosess som er prega av både hardt arbeid og mot.

Det som skil kreativitet frå fantasi, er at det kjem eit produkt ut av kreativiteten, og at vi i kreative prosessar handlar på bakgrunn av kompetanse.

Kreative metodar blir nokre gonger skildra gjennom tre føresetnader som har ulike funksjonar. Desse føresetnadene er:

  • at vi har kunnskap innanfor eitt eller fleire område
  • at vi har kjennskap til kreative prosessar og kunnskap om korleis læring oppstår
  • at vi har motivasjon og vilje til å gjennomføre dette


Når desse tre føresetnadene verkar saman i ein bestemt situasjon, oppstår det kreativitet.

Kreativitet i coaching

Å ha eit kreativt utgangspunkt i coaching vil seie at coachen stiller spørsmål og er open og lyttande når han møter den unge. Ei ikkje-dømmande haldning frå coachen overfor ungdommen som skal coachast, er grunnlaget for å få til eit ope møte med stor velvilje.

I coaching gjeld det å vere leiken og nysgjerrig på ein slik måte at prosessen blir ført vidare. Coachen stiller spørsmål og formidlar moglegheiter gjennom at spørsmåla får den unge til å skifte perspektiv eller posisjon.

I tillegg kan ein skape heilt nye arenaer å tenkje og fundere på. Saman med ungdommen leitar coachen aktivt etter moglege vegar fram til målet den unge har sett opp. Coachen har ingen ferdige svar eller modellar for problemløysing som han skal presentere eller få den unge til å ta i bruk.

I coaching forsøkjer coachen, saman med den unge, å skape føresetnader for å leite, søkje og endre livsvilkår, slik at dei forhåpentleg kan kome fram til det den unge ønskjer, saman.

Kreativitet heng nær saman med motivasjon, som på latin tyder «å setje i rørsle». Coachingomgrepet kjem frå amerikansk/engelsk og er henta frå ordet coach, som tyder å «flytte noko frå ein stad til ein annan».

Kreativitet og motivasjon krev at menneske flyttar seg. Vel mennesket å bli verande der det er, gjere det same som før eller halde fram der det kjenner seg trygt, har det lite med kreativitet og motivasjon å gjere. For å bli sett i rørsle mot eit mål, eit ønske eller eit val krevst det at ein flyttar på seg. Coaching har mange forslag til metodar for å setje i gang denne flyttinga. 

Mot

I starten av coachinga kan den unge kjenne uro, redsle og nervøsitet for å gjere noko nytt. Slik kjem motet inn i biletet. Mot er mellom anna å våge å gjere noko nytt, endre retning eller be om hjelp. Tillit er ein føresetnad for å kunne skape mot.

Ei kjensle av å våge kan skape mot, og mot er å halde fram sjølv om ein risikerer å gå feil eller mislykkast. Ørsmå steg framover kan skape meir mot. Strategiar for å auke motet kan vere at den unge får tips og forslag om korleis andre har gått fram, eller at nokon blir med på delar av vegen.

Noko anna som kan auke motet, er å skape ein atmosfære der det er lov å mislykkast og gjere feil, for så å starte om att. Den viktigaste oppgåva til coachen i starten er å formidle håp om at det finst mange vegar, sjansar og moglegheiter til å kome seg framover. Tryggleik og ei kjensle av toleranse for at ein kan vere svak og sårbar, skaper også rom for mot.

Når den unge kjenner tillit til seg sjølv og andre, kjem det motet han eller ho treng for å skape forandring. Og når motet kjem, vil den unge tenkje annleis om livet og seg sjølv, og kreativiteten kan få spelerom.

Det er nødvendig å oppleve at det er mogleg å forandre, byggje og reparere livet, for at vi skal våge å ta på oss store utfordringar. Dermed kan ein del av coachinga handle om å skape erfaring med at det er mogleg å forandre seg, og på den måten skape føresetnader for at den unge vil ta ansvar for større utfordringar og livsoppgåver. 

Metodar

Coachen kan føreslå for den unge å:

1. Forandre ein kvardagsrutine. Dette kan til dømes vere å gå til skulen i staden for å ta bussen, å gå og leggje seg ein time tidlegare eller å ete to frukt om dagen.

Det handlar altså om å innføre noko nytt for å «venje om» hjernen, og for å få ei oppleving av at ein meistrar det som er nytt. Å prøve ut nye, kvardagslege ting og takle mindre endringar kan skape ei meistringskjensle, slik at ein kan byggje opp nok sjølvtillit til å takle meir avanserte forandringar.

2. Bruke kroppen. Her kan ein prøve noko nytt og venje seg til nye ting. Å stå på eitt bein medan ein et, kan vere éin ting å prøve. Å helse med «feil arm» kan vere ein annan. Å hoppe på veg inn på toalettet kan ein også prøve. Slik kan ein vise seg sjølv at det går an å gjere ting på ein ny måte, eller at det går an å forandre seg. Humor er ofte ein viktig faktor.

3. Ta imot utfordringar. Dette er vanleg i coaching, og det handlar om å gjere det vi ikkje trur vi klarer, eller det vi har vanskar med å gjere. Utfordringa kan vere å skifte treningsform. Skaffe ein ny ven. Ta kontakt med ein gammal ven ein har mista kontakten med. Ete vegetarisk ei veke. Ta bussen i staden for å gå. Lese ein ny forfattar. Sjå ein film ein tidlegare har valt vekk…

4. Teste ut nye perspektiver. Til dømes kan ein bestemme seg for å late som at ein er ein forfattar eller ein annan kjend person, og i alle kvardagssituasjonar prøve å tenkje på kva den aktuelle personen ville ha gjort.

Kva ville personen ha gjort for å oppnå det han eller ho ønskjer? Korleis ville personen ha teke kontakt med nye menneske? Her er det viktig å vere leiken og ikkje stille krav.

5. Gjere noko heilt nytt. Dette kan til dømes vere å gå på dansekurs, spele inn ein video til YouTube, snakke med ein ny person som ein er nysgjerrig på, eller kome med forslag til små forandringar som kan bidra til meistringskjensle. Slik kan ein begynne å byggje opp sjølvtillit. Den som blir coacha, kan også be ein ven om å kome med forslag.

Hjernen treng tid for å venje seg

Alt dette er forslag som gjer at ein kan trene seg i å tenkje nytt eller annleis, eller gjere ting som tidlegare har vore utenkjeleg. Hjernen treng tid for å venje seg til dette. Når ein får mange små, positive erfaringar av at det er mogleg å endre seg sjølv og kvardagen sin, kan den som blir coacha, få tillit til seg sjølv i den større samanhengen.

Det er viktig å ta små steg, og dette er berre forslag til korleis vi kan trene hjernen til å gjere og tenkje nye ting.

I ein kreativ prosess skal den unge sjølv kome fram til nye idear, gjerne originale idear. Deretter skal personen setje dei ut i livet og etter kvart utvikle dei vidare. Kreative prosessar er vanskelege, og dei krev arbeid og mot.

I karriererettleiing kan det likevel vere både nyttig og inspirerande å la kreativiteten få større plass og leggje til rette for nyskapande prosessar og nye, modige aktivitetar hos den eller dei vi rettleier. 

Teksten er redigert og tilarbeidd av gjesteredaktør for Veilederforum: høgskolelektor Anne Holm-Nordhagen.

Referansar

Røise, Petra og Mia Börjesson: Ungdomscoaching. Fagbokforlaget, 2017.

Berg, Morten Emil: Coaching. Å hjelpe ledere og medarbeidere til å lykkes. 3. utg. Universitetsforlaget, 2013.

Byréus, Katrin: Kreativa verktyg i handledningen. Liber, 2012.

Gjerde, Susann: Coaching. Hva – hvorfor – hvordan. 2. utg. Fagbokforlaget, 2010.

Hilmarsson, Hilmar: Coachingtrappan. En handbok i att coacha och motivera till resultat. Studentlitteratur, 2006.

Gyllensten, Kristina mfl.: Psykologisk coaching – för varaktig förändring. Natur och Kultur, 2011. 

Bilde
Illustrasjonsbilde fagartikkel om kreativitet