Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Korleis rettleie ungdom med nedsett funksjonsevne?

Godt rettleiing om utdanning og yrke gjer vegsøkar betre rusta til å ta riktige val for seg sjølv og si framtid. Men korleis skal du rettleie ein ungdom med nedsett funksjonsevne?
illustrasjon av lam person
Karoline Vårdal
kommunikasjonsrådgjevar, Unge funksjonshemmede
Opprettet 12. mars 2015, oppdatert 12. mars 2016

Berre 4 av 10 unge med nedsett funksjonsevne er i jobb, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Nærare 85.000 står utanfor arbeidslivet. Mange av dei kan og vil jobbe, men får ikkje anledning til å prøve seg.

Rettleiing og oppfølging er kanskje spesielt viktig for nettopp denne gruppa ungdomar. Unge med nedsett funksjonsevne har ofte ein del ekstra utfordringar samanlikna med andre, blant anna når det gjeld å få innpass på arbeidsmarknaden.  

Bygger sjølvtillit

Mange unge med nedsett funksjonsevne manglar ofte sjølvtilliten som skal til for å setje i gang med jobbsøkinga. Grunnen kan for eksempel vere at ein har stått utanfor arbeidslivet lenge. Nokon har aldri vore innanfor. Avslag på avslag frå arbeidsgjevarar kan ha medverka til at mange har gitt opp. Denne motløysa er ein av dei barrierane som auka kunnskap kring eigen situasjon kan vere med på å bryte ned.

Unge funksjonshemmede har det siste halvåret halde to jobbsøkarkurs spesielt for unge med nedsett funksjonsevne. Målet er å førebu kursdeltakarane på prosessen det er å søke jobb, på møtet med arbeidslivet, og vise kva rettar og moglegheiter dei har som arbeidssøkar og arbeidstakar.

Ein sentral del av kurset er å motivere deltakarane til å ta fatt på jobben det er å søke jobb. I samarbeid med JobbX Karrieresenter er det eit mål for Unge funksjonshemmede å gje kvar enkelt individuell rettleiing og vise korleis ein kan skrive gode søknadar og lage ein god CV. Saman med JobbX Karrieresenter får også den enkelte trene på intervjusituasjonen.

Kva skal du bli?

Det er ikkje berre ein veg til målet. Det kan vere mange utdanningsløp og karrierevegar som passar for den enkelte.

Når nokon skal ta eit val om utdanning eller yrke, er det sentralt å ta utgangspunkt i kva ein interesserer seg for. God rettleiing bør bidra til at ein i fellesskap kjem fram til realistiske alternativ som det er mogleg å gjennomføre. Har ein vegsøkar store problem med migrene, er kanskje ikkje førskulelærar riktig utdanning. Eit godt alternativ tar omsyn til rammene som ein funksjonsnedsetjing gir. Det beste alternativet er ei utdanning som leier til eit yrke som personen kan beherske med sin diagnose eller funksjonsnedsetting.

Utdanning er X-faktor

Sannsynet for at ein person med nedsett funksjonsevne er i jobb, aukar med 11 prosent per år med høgare utdanning. Utdanning er altså ein viktigare faktor for at personar med nedsett funksjonsevne skal komme i jobb, enn for andre. Det vil ikkje dermed seie at alle skal ta høgare utdanning. Men sannsynet for å komme i jobb aukar altså om:

  • studenten er motivert
  • studenten ønskjer seg ei utdanning som det er realistisk å gjennomføre
  • yrke som utdanninga leder til har gode arbeidsmoglegheiter

Dersom det er behov for tilrettelagt utdanning, kan NAV bidra med hjelpemiddel. NAV bør vere involvert i dialogen mellom rådgjevar, vegsøkar og studiestaden. 

Trainee eller lærling?

Enkelte bedrifter tilbyr trainee-ordningar og stillingar som er spesielt tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld for mange private bedrifter. Men også for eksempel Oslo kommune tilbyr slike trainee-stillingar. For å kunne rettleie nokon til å søke desse stillingane, er det viktig at rådgjevaren:

  • er kjend med kva tilbod som finst på feltet
  • veit kva for nokre bedrifter som har IA-avtale
  • kjenner til ordningane som ligg i tilretteleggingsgarantien

NAV skal ha oversikt over tilbodet. Dialog mellom NAV, arbeidstakar og jobbsøkar kan såleis gi kjennskap til kva moglegheiter som finst.

Det finst også moglegheiter for å få tilrettelagt lærlingplass som ein del av utdanninga. I utgangspunktet er det stor konkurranse om lærlingplassar, men det finst støtteordningar som kan dekke utgifter knytt til tilrettelegging. NAV vil vere ei god kjelde til informasjon om denne ordninga. Å ha kjennskap til ordninga kan vere nyttig når ein skal bidra med å skaffe ein elev lærlingplass.

Å jobbe frivillig

Å jobbe frivillig opnar dører. Dessutan får ein utløp for engasjementet sitt. Frivillige verv kan ein sette på CV-en og arbeidserfaringa kan ein lære mykje av. Dette er erfaring vegsøkar kan vise til når han eller ho søker jobb.

Frivillig arbeid bygger nettverk. Heile 7 av 10 stillingar bli bemanna utan at stillinga vert lyst ut. Samtidig kan frivillig arbeid vere med å bygge sjølvtillit som mange unge treng for å komme inn på arbeidsmarknaden. Det vil kunne gi ein kjensle av fellesskap å jobbe saman med andre mot felles mål.

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

Unge funksjonshemmede

Unge funksjonshemmede er eit samarbeidsorgan for funksjonshemma sine ungdomsorganisasjonar i Norge. Organisasjonen blei stifta i 1980 og har i dag 32 medlemsorganisasjonar. Til saman har desse rundt 25 000 medlemmer. Unge Funksjonshemmede er leda av eit styre. Eit sekretariat i Oslo står for den daglege drifta.

Besøk nettsiden til Unge funksjonshemmede

Sannsynet for at ein person med nedsett funksjonsevne er i jobb, aukar med 11 prosent per år med høgare utdanning.

Har ein vegsøkar store problem med migrene, er kanskje ikkje førskulelærar riktig utdanning.