Karriererettleiing – heile skolen sitt ansvar

Article tema
Karriererettleiing – heile skolen sitt ansvar

Det svenske utdanningsdirektoratet, Skolverket, ser blant anna på rettleiaren si rolle på skolen.

Rapporten tar for seg ulike perspektiv på korleis ein kan gi god informasjon og rettleiing med eit stadig meir komplekst utdanningssystem, eit arbeidsliv i stadig endring, utvikling av nye yrke og internasjonalisering av arbeidslivet.  Elleve intervju belyser denne utfordringa frå ulike delar av sektoren.

Kapittel 7 i rapporten tar for seg rettleiinga som heile skolen sitt ansvar, og der blir det påpeikt at ettersom studie- og yrkesrettleiaren er ein nøkkelperson for elevane som skal velje retning, bør denne bli innlemma i skolen sine aktivitetar gjennom året.