Elevar vart meir positive til yrkesfag – danske erfaringar med karrierelæring

Article tema
Elevar vart meir positive til yrkesfag – danske erfaringar med karrierelæring

I Danmark har ein sett at det er mangel på kunnskap og fordommar om yrkesfagleg opplæring og yrkesfaglege karrierar. Mange som elles ville ha valt yrkesfag, vel studieførebuande opplæring. Resultatet er fråfall i vidaregåande og mangel på yrkesfagleg arbeidskraft. Eit karrierelæringsprosjekt viser at det er mogleg å gjere elevane meir positive til yrkesfaga.

Både frå offisielle undersøkingar og frå samtalar med rettleiarar, lærarar, foreldre og dei unge sjølve veit vi at danske ungdommar i 7. til 9. klasse opplever store utfordringar med å velje vidaregåande opplæring.

Ein viktig faktor er mangel på kunnskap om både utdanningssystemet i Danmark og arbeidslivet, særleg når det gjeld dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og kva type jobbar dei kan føre fram til.

Dette fører til fordommar om yrkesfagleg opplæring og yrkesfaglege karrierar, og dermed også tap av prestisje for yrkesutdanningane blant dei unge og foreldra deira.

Fråfall frå yrkesfagleg opplæring og val av studieførebuande opplæring blir dei naturlege følgjene av dette. Dette ser vi gjennom at berre 18 prosent av den ungdomsårgangen som forlét grunnskulen i 2016, hadde eit yrkesfagleg utdanningsprogram som førsteprioritet, medan om lag 73 prosent hadde eit studiespesialiserande utdanningsprogram som førsteprioritet.

Prognosar for konsekvensane av dette valmønsteret peikar mot at Danmark vil mangle meir enn 30 000 personar med yrkesfagleg utdanning i 2020.

Meir kunnskap om vidaregåande

I lys av desse utfordringane gjekk Kommunernes Landsforening og Danmarks Lærerforening i 2015 saman om å finansiere eit forskings- og utviklingsprosjekt som fekk namnet «Udsyn i udskolingen».

Prosjektet la vekt på korleis elevar på dei siste trinna på grunnskulen, 7. til 9. trinn, kan få meir kunnskap og erfaring med vidaregåande opplæring og arbeidsmarknaden gjennom erfaringsbasert læring.

Grunnlaget for prosjektet var karrierelæringsteori, og den sentrale hypotesen var at elevar som opplever meir handgripelege møte med vidaregåande opplæring og arbeidsmarknaden, i tillegg til sterkare vekt på refleksjon over desse møta, byggjer eit sterkare fundament for trygge karriereval.

Mange prosjekt i eitt

Tretten pilotprosjekt deltok under den overordna prosjektramma «Udsyn i udskolingen», og prosjekta dekte 17 skular rundt omkring i Danmark. Totalt omfatta prosjekta om lag 65 klassar, 1400 elevar og 70 lærarar. I tillegg deltok meir enn 70 lokale bedrifter og mange utdanningsprogram og rettleiingssenter.

Resultatet blei tretten svært forskjellige prosjekt. Nokre arbeidde først og fremst med den personlege og sosiale kompetansen til elevane.

Andre la vekt på korleis ulike fag kunne bidra til karrierelæring. Dei flytta til dømes matematikkundervisninga til den lokale yrkesfaglege skulen, slik at elevane fekk arbeide med matematikk i praksis gjennom murararbeid, smedarbeid, tømrararbeid og så vidare.

Slik fekk dei ei konkret og praktisk forståing av kor viktig matematikk er for å bli ein god handverkar. Andre igjen fekk ei jobberfaring gjennom partnarskap med lokale bedrifter.

Der fekk elevane sjølve gjere undersøkingar eller gjennomføre konkrete arbeidsoppgåver, slik at dei kunne få innblikk i kor mange ulike jobbar som faktisk må gjerast på eit jernstøyperi eller eit sjukehus, for å få verksemda til å gå rundt.

Inspirert av karrierelæringsteori

«Udsyn i udskolingen» var inspirert av karrierelæringsteori, som definerer prosessen med å gjere kvalifiserte val som ein læringsprosess. Meir presist brukte prosjektet karrierelæringsteorien til den engelske karriereteoretikaren Bill Law som ramme for å forstå denne læringsprosessen. Teorien til Law opererer med fire nivå av karrierelæring:

  1. Det første nivået handlar om å oppleve, kjenne, høyre og føle – altså å samle inntrykk, informasjon og kontaktar for å kunne kome vidare.
  2. Det andre nivået handlar om å sortere desse inntrykka, slik at ein forstår skilnadene og likskapane mellom dei.
  3. Det tredje nivået handlar om å sjå på kva og kven ein må vere merksam på, og kva som er viktig for ein sjølv og andre.
  4. Det fjerde nivået handlar om å forstå og vite korleis noko fungerer, og vere i stand til å forklare og føregripe handlingar.
     

Med desse fire nivåa av læring som utgangspunkt, vil eit vellykka val av utdanning byggje på at elevane får eit heilt konkret møte med vidaregåande opplæring og arbeidslivet.

Møtet må førebuast ordentleg, og det må gje elevane høve til å kjenne på og oppleve utdanninga eller arbeidet. I tillegg må dei få sjanse til å tenkje vidare og reflektere over det i etterkant, slik at dei får høve til å sortere og forstå møtet, og setje det i perspektiv.

Det fanst allereie fleire erfaringsbaserte metodar og tilnærmingar til rettleiing i Danmark, til dømes brubyggingskurs, introduksjonskurs og arbeidspraksis. Prosjektet la derfor meir vekt på dei mange moglegheitene for og perspektiva på karrierelæring som kan eksistere i undervisninga og i klasserommet.

Her såg ein først og fremst på det pedagogiske arbeidet med å førebu og evaluere arbeidserfaringa eller erfaringa frå brubyggingskurset for å støtte elevane i dei refleksjonane dei gjorde seg om det dei hadde opplevd. Slik kunne ein skape eit tettare samband mellom undervisninga og rettleiinga.

«Det opna auga mine»

Som ein del av forskinga i etterkant gjennomførte vi ei rekkje intervju med elevar, lærarar, rettleiarar, representantar frå bedriftene, lærarar på yrkesfaglege skular og foreldre som på ein eller annan måte tok del i dei lokale prosjekta.

Då vi analyserte intervjua med elevane frå dei lokale prosjekta, gjorde vi eit interessant funn: Elevane gav uttrykk for ei vesentleg endring i korleis dei oppfatta dei yrkesfaglege utdanningane. Kort sagt uttrykte dei elevane vi intervjua, ei ny interesse og respekt for yrkesfaga.

Denne haldninga hadde altså oppstått etter at dei hadde vore med på karrierelæringsaktivitetar som la vekt på læring heller enn vanskelege val, og som var ordentleg førebudde og evaluerte.

I eit intervju forklarte ei jente at haldninga i klassen hennar tidlegare hadde vore at ein blei sett på som dum dersom ein ikkje valde studiespesialisering etter grunnskulen. Men etter at ho hadde arbeidd med matematikk i praksis på ein yrkesfagleg skule som ein del av prosjektet, sa ho at det «opna seg tankar om at eg godt kan gå på eit yrkesfagleg program».

Ei anna jente fortalde at særleg aktivitetane hadde lært henne at «vi må respektere alle menneske som ulike», medrekna utdanningsvalet deira.

I ei undersøking i etterkant av prosjektet blant alle elevane gav eit overveldande fleirtal uttrykk for at dei no har eit meir positivt inntrykk av yrkesfaga enn før dei var med i prosjektet.

I undersøkinga spurde vi dei elevane som hadde fått eit meir positivt syn på yrkesfaga, om dei no vurderte å velje eit yrkesfagleg utdanningsprogram, og meir enn 40 prosent av desse elevane svarte positivt på dette. 

Karrierelæring avgjerande faktor

Den avgjerande faktoren her ser ut til å vere karrierelæring. I tillegg til at elevane seier at dei har blitt meir opne for yrkesfaglege utdanningsval både i spørjeundersøkinga og intervjua, forklarer dei at dette er eit resultat av dei karrierelæringsprosessane dei har teke del i gjennom prosjektet.

Som ein elev forklarte: «[Prosjektet] opna auga mine for dei ulike moglegheitene, det var … Eg fann ut at det var veldig mange ulike moglegheiter, fleire enn eg hadde tenkt på.» Ein annan elev skildrar at heile klassen reagerte negativt då dei fann ut at dei skulle vere ei heil veke på ein yrkesfagleg skule, men då veka var over, «syntest alle at vi hadde hatt ei skikkeleg kul veke».

Denne refleksjonen eller anerkjenninga skriv seg ikkje berre frå erfaringa med å oppleve kvardagen i ei bedrift eller møte ei yrkesutdanning («opplevingsnivået» i terminologien til Law), men også frå det arbeidet elevane og lærarane deira utførte før og etter at dei møtte, besøkte eller arbeidde saman med andre skular eller bedrifter.

I undersøkinga svarte mellom 50 og 70 prosent av elevane «i stor grad» eller «i nokon grad» på spørsmålet om prosjektet har gjeve dei ny kunnskap om utdanning, arbeidsliv eller dei sjølve.

Mellom 45 og 49 prosent av elevane svarte «i stor grad» eller «i nokon grad» då dei blei spurde om prosjektet har fått dei til å tenkje på ein ny måte om utdanning, og om dei snakkar med foreldra om utdanning og arbeid på ein annan måte enn før. Bak desse tala ligg arbeidet i dei enkelte prosjekta med å oppleve, sortere, fokusere og forstå.

Støtte dei nysgjerrige elevane

Prosessen med å auke elevane si interesse for yrkesutdanningar er lang og kompleks, og vi kan ikkje peike på noka enkel eller rask løysing.

Men erfaringane frå prosjektet «Udsyn i udskolingen» viser at det er mogleg å gjere elevane nysgjerrige på yrkesfaga og vise fram fleire moglegheiter for utdanning og yrkesval, slik at dei i det minste vurderer dei yrkesfaglege utdanningane når dei skal velje vidaregåande opplæring.

Resultata frå dette prosjektet tyder på at karrierelæringsteori er eit sterkt fundament for å organisere undervisning og rettleiing om utdanning og arbeid.

Dette fundamentet understrekar ikkje berre verdien av dei konkrete møta med utdanningar og arbeidsplassar, men også dei systematiske refleksjonsprosessane før og etter desse møta. Slike prosessar bidreg til å integrere opplevingane i ei progressiv utvikling av karrierekompetanse.

Som forskarar og rettleiarar bør vi bruke tid på å undersøkje – både teoretisk og praktisk – korleis ein kan halde på nysgjerrigheit og positive haldningar til yrkesfaglege utdanningar gjennom heile ungdomsskulen, slik at yrkesfaga faktisk kan halde fram med å vere reelle utdannings- og karriereval for elevane.

Teksten er redigert og bearbeidet av gjesteredaktør for Veilederforum: høgskolelektor Anne Holm-Nordhagen.

Bilde
Illustrasjonsbilde artikkel om det danske prosjektet "Udsyn i udskoligen".

«Udsyn i udskolingen»

Dersom du vil lese meir om prosjektet «Udsyn i udskolingen», kan du finne boka Udsyn i udskolingen, artiklar om prosjektet og korte videoar om karrierelæring på http://vpt.dk/udsyn-i-udskolingen.

I boka Udsyn i udskolingen (av Bo Klindt Poulsen, Rie Thomsen, Rita Buhl og Ida Andrén Hagmayer, 2016) finn du ei fyldig litteraturliste med referansar til karriereteorien til Bill Law og andre teoretiske perspektiv på karrierelæring.