Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Arbeidsmarknaden i framtida: Lyse tider for yrkesfag

Fram mot år 2030 vil det vere eit aukande behov for fagarbeidarar. Og dei med høgre utdanning får tøff konkurranse om dei relevante jobbane.
Redaksjonen
Veilederforum
Opprettet 10. juli 2015, oppdatert 10. juli 2016

- Korleis blir jobbsjansane mine med denne utdanninga?

Mange rettleiarar har nok fått variantar av dette spørsmålet. Kva for nokre kjelder har vi for å seie noko om arbeidsmarknaden i framtida? I Noreg er det Statistisk sentralbyrå (SSB) som bereknar framtidig utvikling i arbeidsmarknaden for ulike utdanningsgrupper. Deira eigne rapporter kan vere tunge å lese. Ein meir tilgjengeleg variant av dei same tala er tilgjengeleg i tenesta «Framtidens arbeidsmarked». Her kan du sjå om det vil vere overskot, underskot eller balanse i 40 av dei viktigaste utdanningsgruppene fram til år 2030.

Besøk «Framtidens arbeidsmarked»

Samstundes kan rettleiarar ha nytte av å dykke djupare ned i tala og kunnskapen om arbeidsmarknaden. Kunnskapsdepartementet har difor gått gjennom SSB sine berekningar og publisert ein rapport. Utdannings- og yrkesrådgjevarar og karriererettleiarar er målgruppe for rapporten. Den summerer opp nokre hovudpunkt om funna, mellom anna at:

  • Jobbsjansane aukar om ein fullfører vidaregåande opplæring
  • Det er høg vekst i etterspørselen etter arbeidskraft med yrkesfagleg opplæring, inkludert fagskoleutdanna.
  • Etterspørselen etter arbeidskraft med høgre utdanning aukar over tid. Tilbodet aukar derimot endå meir fram mot 2030. Det berekna overskotet av dei med høgre utdanning tydar på tøff kamp om dei relevante jobbane.

Rapporten summerer opp funna undervegs for å gje lesaren kunnskap til samtalar med utdanningssøkjande. Her er eit eksempel på ein oppsummeringsboks:

«Hvordan blir jobbsjansene mine hvis jeg velger utdanning X?» 
 

SSBs beregninger omtales i ulike oppslag. Det er nødvendig å nyansere noen av overskriftene og utsagnene og forklare misforståelser de kan føre til eller bygger på.
 
Eksempler på oppslag er varianter av: «En ny rapport fra SSB viser...
...at det vil bli langt vanskeligere for studenter innenfor økonomiske og administrative fag å få jobb.»
...hva du bør studere for å være sikker på at du kommer raskt i jobb etter studiene.»
 
SSB beregner en sterk vekst i etterspørselen for høyt utdannet arbeidskraft med økonomiske og administrative fag. Beregnet tilbud vokser imidlertid enda mer enn etterspørselen for denne gruppen frem mot 2030.
 
Formuleringen «vanskeligere å få jobb» er misvisende. Avvikene mellom tilbud og etterspørsel for de ulike fagfeltene frem mot 2030 er ikke lik arbeidsledigheten for gruppen, men indikerer noen mistilpasninger som kan oppstå fremover. Det beregnede overskuddet innenfor en høyere utdanning i økonomiske og administrative fag kan tyde på tøff kamp om de mest relevante jobbene. Jobbutsiktene avhenger av kvalifikasjonene til søkeren og stillingskravene.

Last ned heile rapporten «Utdanning og arbeidsmarkedet» (PDF)

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).