Analysar av framtidige kompetansebehov i andre land – eit kunnskapsgrunnlag for karriererettleiing

Article tema
Analysar av framtidige kompetansebehov i andre land – eit kunnskapsgrunnlag for karriererettleiing

Analysar av framtidige kompetansebehov kan vere eit nyttig kunnskapsgrunnlag for karriererettleiarar og dei som skal ta val knytta til utdanning, opplæring og arbeid. Vox har gjort ein studie av systema for framtidige kompetansebehov i Sverige, Irland og Finland hvor de har sett på korleis resultata vert formidla.

Mange land har nasjonale system for å analysere kompetansebehova i arbeidsmarknaden. Somme har òg system for korleis resultata frå slike analysar vert formidla og brukte, mellom anna av karriererettleiarar og personar som skal ta val knytta til utdanning, opplæring og arbeid. Vi vil beskrive desse systema i tre utvalde land, men først vil vi seie litt om kva for analysar vi har her i Noreg.

Kva for analysar har vi i Noreg?

Statistisk sentralbyrå (SSB) analyserer korleis arbeidsmarknaden vil verte i framtida. Dei gjennomfører utrekningar av tilbod og etterspurnad for ulike utdanningsgrupper 15–20 år fram i tid. I tillegg gjer dei eigne utrekningar for lærarar og helse- og sosialpersonell. Det vert òg gjort undersøkingar til arbeidsgivarar.

Nav gjennomfører årleg ei bedriftsundersøking, og på bakgrunn av den undersøkinga estimerer dei mangel på arbeidskraft for ulike yrke. På vegner av NHO gjennomfører NIFU ei spørreundersøking til NHO sine medlemsbedrifter om kompetansebehova deira. I tillegg lagar NIFU kandidatundersøkingar, som handlar om tilpassinga på arbeidsmarknaden for personar med universitets- og høgskoleutdanning.

Det vert altså gjennomført fleire analysar av framtidige kompetansebehov i Noreg, men det varierer i kor stor grad karriererettleiarar og personar som skal ta val knytta til utdanning, opplæring og arbeid, bruker resultata.

Dette kjem truleg av fleire tilhøve. Moglege årsakar kan vere knytte til kor lett det er å sjå samanhengen mellom arbeids- og utdanningsmuligheiter og resultata frå analysane, og korleis resultata vert formidla. Men formidlinga av framskrivingane til SSB har vorte forbetra den siste tida gjennom Kunnskapsdepartementet sin rapport retta mot karriererettleiarar.

Ulike måtar å analysere kompetansebehov på

I 2015, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, skreiv Vox ein rapport om analyse, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov i tre land: Sverige, Finland og Irland. Vi valde ut desse landa nett fordi dei har interessante system for framtidige kompetansebehov. Alle desse tre landa gjer analysar på nasjonalt nivå, og i Sverige og Finland gjer dei dessutan analysar på regionalt nivå.

Det svenske statistiske sentralbyrået (SCB) gjer nasjonale franskrivingar kvart tredje år, på liknande måte som SSB i Noreg. Men resultata frå dei svenske framskrivingane har ei meir detaljert inndeling i utdanningar. Arbetsförmedlingen, som har ein del oppgåver som svarar til oppgåvene til Nav, gjennomfører òg ulike typar undersøkingar.

I Arbetsmarknadsutsikterna intervjuar dei arbeidsgivarar i privat og offentleg sektor, og stiller spørsmål om rekrutteringsbehov, mangel på arbeidskraft og så vidare. I tillegg gjer ei eiga forskingsavdeling ved Arbetsförmedlingen framskrivingar med fem- og tiårige perspektiv. På regionalt nivå finst det såkalla kompetanseplattformer. Desse regionale kompetanseorgana jobbar med å auke kunnskapen om kompetansebehov i regionane.

I Irland har dei ei eiga ekspertgruppe, the Expert Group on Future Skills Needs (EGFSN), som jobbar med framtidige kompetansebehov. Ekspertgruppa gir ulike forskingsinstitusjonar i oppdrag å analysere korleis arbeidsmarknaden vil verte i framtida. Dei gjer forskjellige framtidsanalysar, til dømes samanstillingar av ulike analysar, intervju og scenarieanalysar, ofte med eit tidsperspektiv på 5–6 år fram i tid.

På bakgrunn av mellom anna desse analysane gir ekspertgruppa den irske regjeringa råd om framtidige kompetansebehov og relaterte tema. SOLAS er ein av institusjonane som gjennomfører slike analysar av kompetansebehov i Irland. Den viktigaste analysen dei gjer, er framskrivingar av tilbod og etterspurnad etter yrke.

Det vert gjort mange analysar av framtidige kompetansebehov i Finland, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Den viktigaste analysen på nasjonalt nivå for karriererettleiarar vert gjord av ei eiga forskingsgruppe i det finske utdanningsdirektoratet (Utbildningsstyrelsen). Desse framskrivingane vert gjorde kvart fjerde år, og dei har femten års perspektiv.

I tillegg gjer Utbildningsstyrelsen regelmessig kvalitative analysar. Samtalar med avgjerdstakarar på nasjonalt og regionalt nivå, ministrar, tilsette ved universitet og vidaregåande skolar og framskrivingsekspertar inngår i datagrunnlaget for desse analysane.

Alle dei finske regionane gjennomfører kvantitative og kvalitative framtidsanalyser med ulike tidsperspektiv. Nøkkelaktørar i dette arbeidet er mellom andre dei regionale råda og dei lokale arbeidskontora.

Formidling av resultata

I alle desse tre landa får framtidige kompetansebehov mykje merksemd i offentlegheita, og fleire av aktørane jobbar for at resultata skal nå dei aktuelle målgruppene. Resultata frå både framskrivingane i Sverige og analysane til ekspertgruppa i Irland kjem i lesarvennlege rapportar.

Ein viktig måte å formidle informasjon om framtida sin arbeidsmarknad på i Sverige er gjennom nettsida Yrkeskompassen. Denne sida rettar seg mot folk som skal ta utdanningsval, men fungerer òg som eit verktøy for karriererettleiarar. Nettsida gir eit oversyn over den forventa utviklinga på nasjonalt nivå for omkring 200 yrke, på eitt, fem og ti års sikt. Somme yrke har òg regionale prognosar på kort sikt.

I 2012 evaluerte Arbetsförmedlingen behovet for arbeidsmarknadsinformasjon blant elever og karriererettleiarar ved ungdomsskoler og vidaregåande skoler. I undersøkinga sa elevene at dei trong slik informasjon, og at det til ein viss grad kan påverke utdanningsvala deira.

Trass i dette var dei i liten grad klar over informasjonen som var tilgjengelig på nettsida Yrkeskompassen, og brukte han derfor ikkje. Karriererettleiarar brukte informasjonen i varierande grad. Dei meinte at ein må tolke resultata med varsemd, og dei var forsiktige med å bruke arbeidsmarknadsinformasjon i rettleiinga.

SOLAS i Irland har òg ei eiga nettside der ein kan sjå kva for prognosar ulike yrke har. Dessutan vert analysane til ekspertgruppa formidla til studentar gjennom ulike nettsider (til dømes Careers Portal: www.careersportal.ie og Qualifax: www.qualifax.ie ).

Det finske arbeids- og næringsministeriet publiserer eit Yrkesbarometer på ei eiga nettside. Dette barometeret syner halvårige prognosar for ulike yrke på regionalt nivå. Det er dei lokale arbeidskontora som gjer analysane kvart halvår, og barometeret vert publisert på lokalt nivå i form av posterar og liknande.

Karriererettleiarane ved arbeidskontora bruker det lokale barometeret saman med ei rekkje andre analyser i rettleiinga av arbeidssøkjarar. Dessutan er karriererettleiing obligatorisk for elevane i grunnopplæringa, og elevane lærer mellom anna å bruke ulike typar informasjon. Det finske yrkesbarometeret har henta inspirasjon frå Arbetsmarknadsutsikterna i Sverige.

Sverige og Finland har eigne nettstader retta mot arbeids- og utdanningssøkjarar og karriererettleiarar, som gir prognosar for etterspurnaden etter om lag 200 yrke.
Yrkeskompassen i Sverige gir analysar eitt, fem og ti år fram i tid, på nasjonalt og regionalt nivå, medan Yrkesbarometern (Ammattibarometri) i Finland har eitt års perspektiv, og oppgir prognosane på regionalt nivå.

Forbetringspotensiale i Noreg

Formidlinga av resultata har, som vi har nemnt, vorte forbetra i Noreg. Likevel var ei av tilrådingane i rapporten vår at formidlinga av slike analyser i Noreg bør verte meir tilpassa målgruppene slik at enda fleire får tilgang til informasjon om framtidsutsiktene i arbeidsmarknaden.

For å betre bruken av dei analysane vi allereie har i Noreg, tilråda Vox òg å undersøkje korleis ulike analysar kan sjåast i samanheng og utfylle einannan. I tillegg tilrådde vi at ein bør forsøke å kombinere fleire forskjellige data, metodar og analysar i kommande undersøkingar for å skape ei betre forståing av kompetansebehovet i framtida. 

Bilde
Diagram